Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2009

Testbilete/ luring

luring

Read Full Post »

Eg har bursdag. Eg får ikkje sove. Sidan kl 0330 har eg vore vaken. No er klokka snart 06. Ein skulle kanskje tru at det har med det travle småbarnslivet å gjere, men nei. A. søv søtt i senga si (mest truleg liggjande oppå dyna med hovudet i fotenden). Ikkje er det tanken på bursdagsgåvene heller. Utruleg, men heilt sant. Ikkje misforstå – eg gler meg til å opne dei, altså. Men eg har ikkje den velkjende det-kriblar-sånn-i-kroppen-etter-gåver-får-ikkje-sove-kjensla. Kanskje er det østersen eg åt på restaurant i går kveld som framleis lever i magen min, og som ønskjer å halde fest med meg? Ikkje veit eg. Uansett er det frustrerande å ikkje få sove. Godt ein har Internett. Og ein mann som har fri, og som kan stelle og stulle med kone og barn resten av dagen…

Read Full Post »

I går. H. sov på sofaen, heilt utslitt etter ein føremiddag med barnet. A. leika på golvet. Eg sette meg i godstolen og tok fram datamaskina. A. kom pilande bort og ville trykke på knappane. Så oppdaga ho H. på sofaen, smilte eit lurt smil, og krabba bort til han i full fart. Vel framme ved sofaen lo ho, og byrja å pirke pappaen i nasen og munnen. H. søv godt, så han snudde berre det andre kinnet til, slik at A. kunne dra han i øyret, framleis medan ho lo, ein litt lur latter.

Så då har vi altså funne ut kva ho likar betre enn datamaskina: ein sovande pappa på sofaen.

Read Full Post »

A. diggar datamaskina. Før kunne eg surfe på nettet og den slags medan A. leika på golvet. No kjem ho krabbande i full fart så snart ho skjønar at datamaskina er på. Ho er veldig glad i å trykke på knappane, så det er vanskeleg å få gjort noko data-aktig når ho er i nærleiken. Eg har prøvd å flytte maskina opp på eit bord som ho ikkje når opp til, men prøv å gjere noko fornuftig med ei lita jente som kjem krabbande under bordet og prøver å klatre opp på fanget ditt!

Og når A. har lagt seg, og eg har rydda huset og hengt opp klede er eg så utslitt at det einaste eg orkar å gjere er å sjå på søppel-TV…

PS: Lurer du på korleis eg har klart å skrive dette nokså lange innlegget på eit tidspunkt der A. er vaken? Eg har lokka ho til å sjå på TV. Drømmehagen på NRK Super gir meg opp mot ein halvtime «fri» kvar dag…

Read Full Post »

Kjendisnytt 3

Trur du ikkje eg såg Thor Endresen i førre veke også? Først parkerte han bilen sin på festplassen, og då han kom ut av bilen snakka han i mobiltelefonen. Busy fyr, spør du meg. I alle fall svært tilgjengeleg.

Read Full Post »