Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2008

Siste nytt

I dag:
– Vi har (endeleg!) fått hengt opp hyller på kjøkenet.
– Eg fann ei flaske på veg heim frå trening.
– Den nye vaskemaskina har vore flittig i bruk. No ristar den ikkje lenger så mykje når den sentrifugerar, noko eg trur dei som bur under oss er veldig glad for.

Det har blitt etterlyst bilete på bloggen, så her kjem eit badebilete:

Advertisements

Read Full Post »

Dagens fangst

På nytt er det helg, og på tide å spe på inntektene. Det såg dårleg ut på første trilleturen, då fann eg ingen flasker, til trass for at det var tidleg sundag morgon. Runde nummer to vart betre, og vi endte altså på fem fine flasker (og boksar). Eg kjenner meg litt rar som går rundt med barnevogna full av ølflasker og -boksar (for det er jo det eg finn mest av i helgene…), og er litt redd for kva barnevernet vil seie dersom dei oppdagar det…

PS: No har barnet vårt byrjå å seie ma-ma og ba-ba-ba-ba. Ganske kult. Og så har ho funne ut at det er spennande å liggje under bordet og dra i duken…

Read Full Post »

Endeleg!

Vi har blitt ein ordentleg småbarnsfamilie, for vi har fått oss mikrobølgeomn! No er lukka komplett: stasjonsvogn, Ole Brumm-solskjermar i bilvindauga, Duplo og Fisher Price, Tripptrappstol (frå det glade 70-tal) og no altså mikrobølgeomn. Sistnemnde kom ikkje i hus utan diskusjon, og det var den heimeverande husmora som sigra over kokken. No inviterer eg alle som vil på ostis!

Read Full Post »

Long time, no sea…

… som tørrfisken sa (for å trekke fram ein av yndlingsvitsane til engelsklæraren min på ungdomsskulen). Livet på bloggen er ikkje det det eingong var, men eg skal prøve å forbetre meg. Dagens posting skal uansett handle om framtida. Eg skal nemleg utvide permisjonen min ei stund ut i 2009, noko som inneber langt mindre pengar i kassa. Vi har ikkje sett opp noko budsjett, men vi satsar på at det skal gå bra. Kontantstøtte og barnetrygd er ikkje all verda, så i dag har eg funne meg ei binæring: flaskesamling (Den kan ikkje seiast å vere heilt ny, sidan nokon vil hevde at det ligg i genene mine, men likevel…). H og eg var ute og gjekk tur med barnet i dag tidleg, og sidan det var sundag morgon var det flust i flasker langs vegen. På første trilletur vart fangsten 8 flasker/ boksar, på andre turen 5. Det gir ei lønsutbetaling på 13 kr. Her er ei liste over kva dei kan brukast til:

– 1/2 pakke med graut til barnet
– ca 1 kg gulrøtter (kan bli mange middagar)
– 1 glas med ferdigmiddag til barnet
– ca 1/4 pakke bleier

Snakk om lønsam aktivitet!

Read Full Post »