Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2007

Revestrekar 2

I dag har eg køyrd på min første rev. Han kom inn frå venstre rett framfor bilen min. Så sa det dunk og eg tenkte «no har eg drept ein rev, kva gjer eg med den?» Men reven sprang tilbake der han kom frå, truleg ikkje like heil, men dog i live.

Read Full Post »

Ekte vinterstorm 2

Etter ein kort samtale med ei av dei som bur på øya mi, viser det seg at det uansett hadde blitt vanskeleg å kome meg på jobb i dag, sjølv om eg hadde fått laus bilen. For det første var vegen til ferjeleiet stengd. For det andre var ferja innstilt. Då må det vel vere greitt å vere heime med godt samvit.

Read Full Post »

Ekte vinterstorm

Eg opplever som sagt stadig noko nytt. I dag er det vinterstorm*, og bilen min sit igjen bom fast i snøfonna. Eg spadde som ein helt medan vinden og snøen piska meg i andletet, men til inga nytte. Bilen lar seg ikkje rikke. Eg treng hjelp frå min sterke og smarte mann for å kome laus, og han er på jobb. Konklusjon: Eg kjem meg ikkje på jobb i dag heller.

* For dei som hugsar det, var det storm i fjor også. Sidan det ikkje var snø då, vel eg å kalle det her vår første vinterstorm, sjølv om det nok blåste ein del meir under «Narve.»

Read Full Post »

Ekte vinter 2

I dag hindrar snøen meg i å kome på jobb. Bilen sit bom fast, og alle bussar har gått for lengst. Eg opplever med andre ord stadig noko nytt.

Read Full Post »

I dag snør det tett. Svært tett. Faktisk så tett at eg måtte køyre i 10 km/t for å sjå kor eg køyrde. I tillegg sette eg meg fast i bakken på veg opp til snuplassen. Dei som kjenner meg veit at eg ikkje er noko glad i å køyre bil i oppoverbakkar på vinterføre, og då bilen byrja å spinne like før eg nådde toppen av bakken, var ikkje hyperventileringa langt unna. Heldigvis har eg ein hjelpsom mann, som faktisk er brukande som bilbergingshjelp, sjølv om han ikkje har lappen.

Det har kome om lag 40 cm nydeleg puddersnø i løpet av dagen, og meir ser det ut til å bli. I morgon inviterer A. til skileik og pølsegrilling, og eg ser fram til skiturar under nordlyset og kveldsturar på knirkande snø. Kanskje vi til og med må kjøpe oss eit akebrett?

Read Full Post »

Oppstart

Oppstarten av ny sesong av F&S gjekk bra, og vi hadde gjevt besøk. Lokal-tv var der og filma, så dei som vil sjå eit glimt av det vi held på med kan sjekke dagens sending på http://www.tv-nord.no.

Read Full Post »

Fint i Førde. Lite soving. Mykje mat. Sosialt samver med familie og venner. Buzz. Carcassonne. Kattar. Tur til Bergen. Teater. Skinketrim.

Konklusjon: Heilt topp.

Read Full Post »