Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2008

Åleine for første gong

H. har dratt på volleyballtrening og eg er åleine med veslejenta for første gong. Så langt har det gått veldig bra – ho søv så søtt på sofaen. Eg ser på den lokale nyheitssendinga og Dagsrevyen og lurer på om ho kjenner att lydane frå då ho låg i magen min.


(Ammeputa har eg laga, teppet har supertanta strikka.)

Read Full Post »

Som mor/ mjølkemaskin er eg nøydd til å tenkje litt nøyare gjennom det eg et. Det er frykteleg mange råd om kva ein bør og ikkje bør ete, samstundes som det av den fremste ammeeksperten i Noreg blir sagt at «i dag fraråder vi i utgangspunktet ingen matsorter mens du ammer.» Kål, druer, lauk og jordbær går igjen når det er snakk om mat ammande bør unngå. Eg likar å tru at det berre er tull og vas, og har tenkt å ete som normalt (ein sommar utan jordbær – korleis skal det gå??). I går testa vi korleis veslejenta likar lauk. Konklusjon: Det blir ei stund til neste gong eg et lauk. Det freistar ikkje med eit tretimars nattshow kvar natt. Då får heller pastasausen bli litt smaklaus…

Read Full Post »

Heime igjen!

Endeleg fekk vi med oss jenta vår heim. Det er veldig godt å vere heime, sjølv om dagane er annleis enn dei har vore før. Det er tydeleg at vi har fått ein ny sjef i huset, og eg har ikkje så mykje overskot til andre ting. Timane går svært fort, til trass for einsidige aktivitetar: pupping og bleieskift. Difor blir t.d. ikkje blogging så høgt prioritert. Dåke får heller sjå på bloggen til mannen i mitt liv.

Read Full Post »

Overtid

I dag er vi på overtid. I andre samanhengar får ein ekstra betalt eller avspasering for overtid. Korleis er dette når det gjeld svangerskap?

Read Full Post »

Nedtur

Pappa lærte meg at ein må planlegge ein hyggeleg ting for kvar dag som ein går over termindagen. I går skulle det vere å sjå på skiskyting. Det vart ein skikkeleg nedtur då det viste seg at rennet var avlyst. Eg håpar på betre forhold i dag, og er klar for å sjå begge renna om det skulle passe seg sånn.

Read Full Post »

Barnet har enno ikkje kome ut, men no er det ikkje mange dagane att før nokon tar affære. Sidan det ikkje skjedde noko på verken Samefolkets dag eller morsdagen, har vi sett oss nye mål. No håpar eg at barnet kjem i morgon, for då kan det feire bursdag saman med Robbie Williams og Orlando Bloom.

Read Full Post »

Morsdag

Tida for å få barn på morsdagen er i ferd med å renne ut. I staden skal vi feire bursdagen til Silje, og det er ei god erstatning. Skiskyting på TV lar seg lett kombinere med litt handarbeid, og her er eit bilete av det som vart produsert i går:

Read Full Post »

Older Posts »