Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2008

Termin

Ikkje noko nytt i dag heller. Det snør og snør.

Read Full Post »

Dagens oppdatering

Eit livsteikn på bloggen slik at ikkje eventuelle lesarar skal tru at vi er på sjukehuset. Her er alt som det brukar å vere, bortsett frå veret. Eg har aldri før opplevd så mykje sludd/ slaps her i byen. Det har sikkert kome 20 cm med svært våt og tung snø i dag, og brøytemannskapet har hatt nok å gjere. Eg har for det meste halde meg innandørs.

Read Full Post »

Or d deling

Eg har rydda litt i det siste, og då dukka det opp eit minne frå då vi skulle hengje opp gardiner her. Orddelinga minner meg om ein restaurant vi besøkte på Madeira, der menyen var omsett til alle slags språk, mellom anna norsk. Ein kunne t.d. bestille lammek jøtt hogger.

Read Full Post »

Framleis ingen teikn til at babyen er på veg ut. Dagen i dag har difor gått som normalt. Strikking, lydbok, litt husarbeid… Eg har også vore ein liten tur i byen. No er altså det ordentlege vinterveret kome, med snø og sterk vind. Godt å kunne halde seg innandørs.

Read Full Post »

Den nye sofaen

Endeleg kjem det lova biletet av den nye sofaen vår.

Read Full Post »

Endeleg (?) kom snøen

Det har riktig lava ned i dag, og sot-eventyrlandet har forvandla seg til winterwonderland. Hadde eg vore ved mine fulle fem hadde eg nok ivra etter ein skitur, men nett no er eg nøgd med å vere inne med tende stearinlys og strikketøy. H. har jobba i heile dag. Eg har vore på gudsteneste i det lokale kapellet, etterfulgd av kyrkje-te hos kapellan I. No ventar eg på at H. skal kome heim, slik at vi kan kose oss med heimelaga pizza og brus. Ein framifrå sundag, med andre ord.

Read Full Post »

Mage

Eg har fått litt mage i det siste…


(Kanskje litt uanstendig å leggje ut bilete av seg sjølv i berre trusa, men det er ei veldig fin truse som eg har fått av søstra mi. I økologisk bomull, til og med.)

Read Full Post »

Produktiv permisjon

H. har endeleg vist meg korleis eg skal leggje ut bilete på bloggen. Eg lovar at det skal kome fleire bilete etter kvart, men eg byrjar med ein smakebit av noko av det eg har brukt tida til under dette svangerskapet.

Read Full Post »

Snø og mildver i går + minusgrader og vind i dag = spegelglatte fortau. Eg trippar rundt med min store mage, og får vanlegvis mykje merksemd frå folk rundt meg om at eg må gå forsiktig og ta det med ro og ikkje dette på isen. Eg vart difor ganske overraska i dag då ei eldre dame stoppa nettopp meg og lurte på om eg kunne halde henne i armen når ho skulle krysse den islagte taxihaldeplassen. Men eg sa sjølvsagt ja, og saman kom vi oss trygt over til den andre sida. Ho var turist med Hurtigruta og hadde tenkt å gå seg ein liten tur, men måtte snu då ho oppdaga kor glatt det var. Uansett var ho glad for at ho hadde tatt på seg «sin gamle pelskåpe fra nittensyvogsøtti,» sidan «han e´kald i dag.» Så for første gong i mitt liv har eg gjort den ultimate gode gjerninga – å hjelpe ei gamal dame over vegen. Kor lenge kan eg leve på det, mon tru?

Read Full Post »

I dag har eg baka brownies rett etter frukost. Eg har lenge tenkt på at eg skal gå bortom arbeidsplassen min med kake til dei som er att der (det er ikkje så mange…), og i dag ser det ut til at planen kan bli realisert. Det skal bli kjekt å snakke litt med andre enn meg sjølv… I kveld skal A. feire bursdagen sin, og då reknar eg også med at det blir kaker og prat. Elles kan eg nemne at eg snart er i mål med fotoalbumsprosjektet mitt. Det er ei god kjensle. I går byrja eg å strikke tjukkelubbar til H., men det må ha skjedd ein feil ein eller annan plass, for dei blir ikkje som vanlege tjukkelubbar. Dei blir mykje mykje større, faktisk så store at dei kan brukast til å ha utanpå ein gips om ein skulle vere så uheldig å bryte foten.

Read Full Post »

Older Posts »