Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2010

Heimefrisør

To år, då er det på tide å klippe håret for første gong. Heldig at eg jobbar i lag med ei som både er utdanna frisør og har peiling på barn (og som har ei dotter som kan vere barnevakt).

Read Full Post »

Besteforeldrebesøk

Bøker og «gaffelrøre.»

Read Full Post »

Ut på ski – endelig!

I dag var det duka for den første skituren på 2 – 3 år. A. vart oppvarta av ikkje mindre enn tre besteforeldre medan H. og eg først prøvde å finne skiutstyret vårt og deretter var på tur. Sidan sist skiutstyret var i bruk har det vore gjennom to flyttingar, og turskiskoa mine lot seg ikkje finne. Det måtte bli alternativ B: langrennsutstyret. Skoa vart kjøpt ein gong tidleg på 90-talet då eg skulle ha «noko å vekse i.» Men eg vaks aldri inn i str 38… Skia er derimot heilt nye. Dvs, eg trudde dei var heilt nye, men i dag oppdaga eg at dei faktisk er 10 år gamle. Skal seie tida går fort.

Vi tok bana opp på fjellet, svinsa og svansa litt i løypene på toppen før vi fann ei solhelling å ete nista vår i. Så rann vi (eller skrei, som det heiter her) heilt heim. Ein kjempefin tur, sjølv om vi ser litt rare ut på biletet.

Read Full Post »

Bollar i omnen

Dvs – vi håpar vel eigentleg at det berre er éin, som skal bli ferdig i august/september… 🙂

Read Full Post »

Dramatikk i Tigerstaden

Søstera mi bur rett i nærleiken av dette. Eg høyrde rakettane som small då eg snakka med henne på telefonen. Hald deg innandørs, kjære Å!

Read Full Post »

Kom deg ut-dagen

I dag har vi vore på tur. Med kjeks, kakao og akebrett. Vi sat i solveggen og naut nista før vi testa akebakken. A. oppsummerer turen slik: «kjeks, akao, pappa tissa kogen (=skogen).» Ein vellukka tur, med andre ord. Dessverre blir det ingen bilete no, for vi har litt startvanskar med eit nytt kamera vi har kjøpt oss. I staden blir det eit bilete som vart tatt i går, på samefolkets dag. A. heiter jo trass alt det same som ein tidlegare sametingspresidenten.

Read Full Post »

Helgebesøk/ A. smiler

Førre helg hadde vi storfint besøk frå to storbyar. Veldig kjekt, både for store og små! Vi tar gjerne imot besøk fleire gonger. A. har lært seg å «smile» til kamera. (Det er det same «smilet» som kjem fram når vi skal pusse tennene.) Ganske sjarmerande, eller hur?

S. og A. kosar seg på tante Å. sitt fang.

Harmonisk leik – av og til…

Smiiiil!

Read Full Post »