Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2006

Eg kan ikkje seie anna enn at eg nyt min første eksamensfrie vår. Det betyr at fridagar som Kristi Himmelfartsdag verkeleg er fridagar; ein dag der ein kan gjere nett som ein vil, og ikkje måtte lese til eksamen. Eg har rett nok ein del jobbting eg må gjere + ymse plikter i heimen, men det er likevel godt med langhelg. I dag har det vore forferdeleg kaldt innomhus, og eg har hatt på meg to par tøflar, to t-skjorter, to hettegensarar, ei bukse og eit ullteppe. Temperaturen i kroppen steig etter ein sykkeltur til sentrum, så no er eg tilbake på normalt klesnivå att. H. jobbar i kveld, så eg skal kose meg åleine med a) symjing innandørs no snart, b) reker, c) DVD (har lånt fire fine filmar på biblioteket). Kanskje vert det også litt tid til Erobreren. (Eitt av måla mine for Finnmarksopphaldet er å lese ut trilogien om Jonas Wergeland. Før jul trudde eg at eg aldri kom til å klare det, men no er eg halvvegs i bok nr to og ser såleis enden på prosjektet.) Jau, dette vert nok ein fin kveld!

Read Full Post »

No er det fint å bu i Finnmark. Sola går aldri ned og vi er inne i ein mild og fin periode. Eg har vore på Tjuven og det gjer godt i kropp og sjel. I morgon er eg invitert på spanskkollokvie medan H. jobbar. Det blir bra.

Read Full Post »

For nesten to veker hadde vi besøk av A., og då såg det slik ut her i Hammerfest:

I går då eg skulle gå på jobb, dvs. 15. mai, såg det slik ut:

Det var berre å finne fram vinterskoa, la bilen stå heime og reise kollektivt. *

I avisa står det at det skal vere midnattsol her no, men den har eg ikkje sett noko til enno. Det er for det meste overskya og snøbyger. Godt bunadsver til 17. mai, med andre ord. Berre så synd at bunaden min ligg i Førde…

* Frå 1. juli blir det gratis buss i rushtida her i byen, pga trafikk-kaos i sentrum. Mellom kl 0630 – 0830 og kl 1500 – 1700 er det gratis å reise kollektivt. Ein kan ikkje seie anna enn at dette er ein god by å bu i. I alle fall på visse område.

Read Full Post »

Klagehandsaming

Det har no kome nokre klager på at det er lenge sidan eg har oppdatert bloggen min. Det er ulike årsaker til at eg ikkje har vore ein ivrig bloggar i det siste, og her kjem nokre av dei viktigaste:

a) Det har ikkje skjedd så mykje nytt og spanande i livet mitt den siste tida
b) Eg har hatt mykje besøk
c) Eg har tatt på ein haikar som trudde at mi venninne A. var dottera mi
d) Eg har vore på farten (kurs og den slags)
e) Eg har byrja å gå til fysioterapeut på grunn av stive skuldrar og såleis tenkt at eg må redusere tida mi framfor PC-en
f) Det har vore sinnsjukt mykje å gjere på jobb dei siste vekene.

Men i morgon skal eg byrje eit nytt og betre liv. Trur eg. Då skal eg ikkje stikke folk med kniv, trur eg, men leggje ut eit bilete av korleis det såg ut då eg gjekk til jobb i dag. Gled dykk!

Read Full Post »