Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2007

Vårstemning

Årets første joggetur på bar asfalt. Veldig digg å sleppe broddene! Vind i håret, regn i andletet, heftig musikk på øyret og ein mann som ventar heime med nybakt brød. Kan det bli betre?

Advertisements

Read Full Post »

Eg er svært nøgd med dagen så langt, og her kjem ei kort oppsummering av hendingar og gåver.
I går: Kakefest med 10 gjestar og Gruble. I dag: Bytur, kaffi på Hurtigruta, barnekor-opptreden på det nye kjøpesenteret, sol, mange tekstmeldingar og telefonar. Gåver (i tilfeldig rekkefølge): blomar, flax-lodd (til og med eit flax-lodd frå mobiloperatøren min), kule klede, smykke, mange kjekke filmar, pengar, fleecegensar, CDar. Heilt topp dag så langt, med andre ord! I kveld blir det tre rettars middag og konsert med William Hut.

Read Full Post »

Reklame

På ferja fann eg eit ganske tjukt reklamehefte for éin ny bilmodell. Bilen ser veldig fancy ut, men eg stiller meg litt skeptisk til ord og uttrykk i reklamen:

– Bilinteriør kan være både spennende og avslappende på en gang.
– Selv på dårlige veier oser bilen av respekt.
– Bilen er både atletisk og energisk.

Det raraste er likevel det som står på baksida av heftet, og eg tar gjerne i mot tolkingar frå meir oppgåande lesarar enn meg sjølv:

«SHIFT_ er et engelsk ord som best beskriver verdiene og tankegangen til denne japanske bilfabrikanten. Uansett hvor i verden du møter oss, vil du oppleve at SHIFT_ beskriver hvem vi er, hvordan vi jobber og hva vi prøver å oppnå. For alt vi tar i ønsker vi SHIFT_. Og gjennom SHIFT_ skal vi gjøre ting bedre og absolutt N…-unikt.»

Forstå det den som kan.

Read Full Post »

Den eine dagen med vinterferie er over, og kva fekk eg gjort?
– laga tyttebærchutney (ikkje i den opprinnelege planen)
– vaska kjøkenskåpet
– bytta ut to – tre av låtane i middelsprogrammet
– klatra (ikkje i den opprinnelege planen)
– svømt (ikkje i den opprinnelege planen)
– laga milkshake i ny blendar

Eg må med andre ord ta helga til hjelp for å:
– vaske inni komfyren
– bytte ut ein – to av låtane i middelsprogrammet
– lese bok
– gå på ski (fristar ikkje så mykje i tett snøver og stiv kuling, så kanskje eg utset det…)

Read Full Post »