Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2006

Vintertid

I går, den 28. september, skifta vi til vinterdekk på bilen. I morgon går turen over Sennalandet, og då er det best å ikkje ta nokon sjansar. Det var is og snø der på måndag…

Read Full Post »

Karnevalsbursdag

C. fylte 10 år for nokre dagar sidan, og det måtte sjølvsagt feirast. Ho hadde aldri hatt karnevalsbursdag med vaksne før, så vi vart prøvekaninar. Det var eit svært vellukka arrangement, med alle obligatoriske bursdagsingrediensar til stades. Det var bollar, brus og kake, leik og moro.


Kven er kven? Og kven er fotograf?


Kake med 10 lys – akkurat som det skal vere


Absurd og artig appelsinleik

Vi kjem gjerne i karnevalsbursdag fleire gonger!

Read Full Post »

På rosa skyer…

Det er ei stund sidan siste oppdatering på bloggen, og det heng saman med at eg svevar på rosa skyer etter suksessen med F&S. Vi har no hatt fire treningar og dei tre siste gongane har det kome ca 110 stk. Det er knallgøy å vere instruktør, og mosjonistane er svært positive til treningane. F&S sentralt er også nøgde med oppmøtet, så no ventar vi spent på kor mange som kjem til å melde seg inn etter kvart. Eg skulle gjerne hatt ein treningstime til i veka, men før det skjer, er torsdagen høgdepunktet i veka.

Read Full Post »

Måndag var det duka for den første F&S-treninga i H.fest nokonsinne. J. og eg kryssa fingrane for at det ville kome 10-15 glade mosjonistar, men det berre rann inn med folk. Til slutt var vi 75 stk!! Og stemninga var upåklageleg. Folk var jättenögda – og det var vi også. No er vi spente på kor mange som kjem på treningane framover. I morgon har i alle fall kultursjefen og FD meld sin ankomst.

Read Full Post »

F&S Hammerfest

F&S Hammerfest – den nordelagste F&S-foreininga i verda – har fått si eiga side på Internett. Følg lenka på venstresida. Eg er ganske stolt. Om kun kort tid startar vi opp trening. Alle som vil er hjarteleg velkomne til gratis prøvetime. Ta gjerne med ein venn eller eit familiemedlem.

Read Full Post »

Dette var drøymeoverskrifta mi i FD etter at eg var på bærtur med gode vener i Alta. Eg hadde ikkje rekna med at vi skulle få meir enn ei lita notis om funnet vårt (ein sekk med ammunisjon), men skuffa har eg konstatert av FD valte å fokusere på andre ting. Vår dramatiske bærtur har ikkje vore nemnd med eitt ord. Først – eg vart stukken av ein kveps i låret. Det er ganske smertefullt, for dei som ikkje har opplevd det. Så vart B. stukken av ein kveps, nesten samstundes som G. fann ein sekk med ammunisjon. Sekken stamma truleg frå eit grovt innbrot i Alta tidlegare i sommar (det er ikkje anna å vente når ein tenkjer på kor tjuvaktige altaværingane er). I tillegg fann vi nokre liter blåbær og litt krekling (sjå førre posting). Sekken leverte vi frå oss på politistasjonen, og G. fekk ein pluss i margen for å vere ein god borgar. No kan ho sleppe unna med lette lovbrot, medan B. og eg må oppføre oss prikkfritt (som vanleg).

Read Full Post »

For første gong i mitt liv har eg laga saft. Etter ein uhøgtideleg konkurranse med elevane mine, sat eg att med ca 900 g krekling (eller krøkebær, som dei seier her nord). Dette fann eg ut at eg skulle lage saft av. Eg hoppa lett over punktet i oppskrifta som sa at eg skulle sterilisere flaskene, og resultatet vart ca 1,5 l veldig god kreklingsaft. (Flink husmor.) Mannen min bestilte meir saft, og eg gjekk ut for å plukke meir bær. Å lage kreklingsaft tar nokre dagar, og i dag var tida komen for å avslutte prosessen. Eg bestemte meg for at eg skulle gjere jobben grundigare denne gongen, og la flaskene inn i omnen for å sterilisere dei. I mellomtida gjekk eg til naboen for å låne sukker. Naboen held på å pusse opp huset, og eg måtte opp og sjå på korleis det var blitt. Det tok litt lenger tid enn eg hadde tenkt, og då eg kom ned att og skulle ta flaskene ut av omnen var dei blitt både mindre og rarare enn det dei hadde vore før. (Dårleg husmor.)

Rett etter dette ringde lisjesøstra mi. Eg sa kva som hadde skjedd, og ho kunne fortelje meg at eg neste gang kan putte flaskene i frysen for sterilisering. Kven hadde trudd at ho kunne slikt? Vanlegvis er det eg som gir henne husmorråd…

Read Full Post »