Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Penalhuset’ Category

Sommarskift

I dag har A. bytta klede 4 gonger.

1. Den første buksa vart våt av tiss.
2. På med kjole og strømpebukse. Like etter hadde ho tømt ein kopp med vatn utover strømpebuksa.
3. På med ny strømpebukse. Jordbær og is i parken med tante S. og onkel F. Is og jordbær på alle kleda (naturleg nok).
4. Shorts og t-skjorte. T-skjorta klarte seg faktisk ut dagen, men shortsen må på vask…

Godt det er god klestørk for tida.

Read Full Post »

Helga i tal

På tide med ei oppsummering av helga. Og etter å ha lese ei spanande bok, der matematikk spelte ei fiffig birolle, har eg funne ut at eg vil ha eit lite statistisk tilbakeblikk:

Antal barn eg har hatt ansvar for: 1
Antal timar søvn: 6 + 6 + 2,5 (slett ikkje verst!)
Antal sider lese i spanande bok: ca 500
Antal sider skrive på eksamensoppgåva: 1,5
Antal liter konsumert koffeinhaldig drikke: ca 2,5
Antal pakkar med brukt Kleenex: ca 5 (talet vil nok auke før helga er over)

Read Full Post »

Skummelt i storbyen

Ikkje rart tante A. er litt redd og tar med seg sykkelsetet inn når ho er på besøk hos oss. I dag såg eg ein mann som vart lagt i handjern av to sivile politimenn*. Midt på lyse dagen. Rett i nabolaget mitt.

*  For å vere ærleg, så såg eg kanskje ikkje akkurat det at dei tok på han handjerna… Og det heile var i grunnen veldig lite dramatisk. Dei kom eigentleg berre gåande roleg oppover bakken. Litt sånn som kompisar, liksom. Men eg såg handjerna, det gjorde eg.

Read Full Post »

Ny blogg

Bloggen min har vore ein tur i cyberspace, men er no henta inn i varmen att. Då han var på ferie dukka det opp uendeleg mange hendingar eg hadde lyst å blogge om. Her kjem ei svært kort oppsummering:

– inspirert av Hedda skulle vi bake peparkaker. Men det er ikkje alltid så lett å konsentrere seg om matlaging når ein har ein skrikarunge som berre vil hengje i skjørtet til mor, og peparkakedeigen vart difor noko fast i fisken. Smaken på kakene var grei nok, men utsjånaden… H. spurte diskret bror sin om ikkje han kunne bake nye peparkaker før vi kom heim på ferie.

– Posten er veldig nøye med å stemple frimerka i julestria. Irriterande…

– Eg har blitt ganske flink å lukeparkere! Første gongen eg klarte det heilt åleine gjekk eg jublande ut av bilen (dvs med hendene over hovudet).

Read Full Post »

Eg vann, eg vann!

Då vi budde i Finnmark prøvde vi etter beste evne å bli integrert i den nordnorske kulturen. (Det vil seie, vi held oss unna nokre ting, som til dømes heimebrent og å ha seg fremmed.) Det innebar mellom anna at vi byrja med tipping/ pengespel. Kvar helg kjøpte vi bokstav-flax for 30 kr og skrapte ivrig i veg. Denne tradisjonen synest eg at det er verd å halde på, sjølv om vi ikkje bur i Finnmark lenger. Så i går kjøpte eg eit nytt lodd, og ordet «TROMS» gav meg faktisk ein gevinst på heile 1000 kr. Heia Nord-Noreg!

Read Full Post »

Utvikling

Eg var i si tid redd for at A. aldri skulle byrje å snu seg frå rygg til mage. No klarar ho det + ei mengd med andre ting svært godt, så no bekymrar eg meg ikkje så mykje lenger. Eg ser at det skjer ei utvikling, om enn litt seinare enn hos andre på hennar alder. (Men til gjengjeld har A. fleire tenner og meir hår enn dei vi kan samanlikne ho med. Og så er ho jo mykje søtare, så då gjer det ingenting at ho er litt treig av seg.)

Read Full Post »

Kosekrok

A. har blitt meir mobil, og her ein dag fann ho seg ein «kosekrok.» Det ser ikkje heilt komfortabelt ut å sitje slik, men ho var i alle fall nøgd. Ei stund.

Read Full Post »

Older Posts »