Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2010

Julegåver

Denne fine jakka fekk A. av «bollemor» (=oldemor) til jul. Så viss nokon med internett er i nærleiken av bollemor kan de kanskje vise henne biletet?

Duplo-krokodilla pluss ei mengd andre dyr, var julegåve frå «onkl lott» og tante Å. med følgje.

Read Full Post »

Altfor kaldt…

… til å gjere noko som helst. -30 på Vangen i dag. I morgon må vi prøve oss ut for å fylle opp matlageret i huset. Blir spennande å sjå om bilen startar.

Read Full Post »

…for å verkeleg vise at eg tar nyttårsforsettet mitt alvorleg. Her poserer A. i julekjole som mora (dvs eg) har sydd/ strikka. Eg lurer på om eg skal prøve å lage juleantrekk til henne til ho blir konfirmant.

(Legg merke til det gjennomgåande eik-temaet i golv/ møblement hos mine svigerforeldre.)

Read Full Post »

Jula er såvidt over, men allereie no må vi byrje å tenkje på den nært føreståande bursdagen til veslejenta. (15. februar, for dei som skulle vere i tvil.) Eg har forstått det sånn at det er hipt og kult og veldig praktisk å leggje ut ei ønskjeliste på bloggen, så då prøver eg også det. Så vil det vise seg om bloggen min framleis har lesarar, og om nokre av lesarane har lyst/ kjenner seg forplikta til å gi bursdagsgåve…

Ønskjeliste – ikkje nødvendigvis i prioritert rekkefølgje

Ullfrottédress frå Nøstebarn (lilla m/ lyng str 104)

– Bøker om Pinne (ho har den som heiter Pinne, Grisen og vesle vennen)

Mummi-kniv (trur ein må kjøpe heile settet, dei har det t.d. på Ting)

– DVD med Sauen Shaun (ho har allereie tre stk, men verkar umetteleg, og foreldra går litt lei dei same filmsnuttane…)

Read Full Post »

Det var lenge sidan!

Nyttårsforsettet mitt er å oppdatere bloggen noko oftare enn ein gong i halvåret. Eg hadde tenkt å starte friskt allereie 1. januar, men sidan i fjor har eg vore heilt slått ut av forkjølelse, og har for det meste av dette året halde meg under teppe på sofaen, ute av stand til å gjere noko som helst. No håpar eg at det verste er over, slik at eg kan klare å halde nyttårsforsettet mitt. Følg med, følg med. Og godt nytt år, forresten.

Read Full Post »