Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Alltid tidleg ute 2

Eg må som sagt notere meg ting medan eg hugsar det, og difor handlar også dette innlegget om ein sak eg ønskjer meg til jul. Etter å ha fått barn i huset innser eg at det vil bli ein del obligatorisk kakebaking i åra som kjem. Vi har allereie fått ein smakebit av det som vil kome (i dobbel tyding), og kvar gong står vi der og lurer på kva vi skal servere kaka på og korleis vi skal frakte den med oss. Eg hadde aldri trudd at eg skulle seie dette, men eg ønskjer meg ei sånn firkanta kaketine med innebygd serveringsfat. Gjerne ei som toler å bli transportert i sykkelvogn.

I morgon er det jonsokbrydlaup i barnehagen. Kaka står klar i kjøleskapet – på det brettet vi vanlegvis har pålegget vårt.

Alltid tidleg ute

Det er visst lenge sidan det har vore aktivitet på bloggen. Det er ikkje fordi det har vore lite aktivitet med meg og mine, snarare tvert om. Etter lang bloggtørke, som det så fint heiter, er det på sin plass med eit framtidsretta blogginnlegg. Eg har nemleg funne noko lurt eg ønskjer meg til jul, og for at eg skal klare å hugse det når jula nærmar seg, fann eg ut at det var lurt å skrive det på bloggen. Eg ønskjer meg ei veske til å ha rundpinnane mine i.

I bloggtørketida har eg brukt ein del tid på å lese bloggar, og har oppdaga at det er ein eigen bloggsjargong. Så eg avsluttar innlegget slik mange andre «der ute» gjer:

Håpar du har ein fin pinsedag! Tudelu.

Ekte trening!

A. og eg tok turen til sportsbutikken i går for å kjøpe nye skisko. Vi fekk god hjelp av ein hyggeleg ung mann, som viste seg å vere ein dårleg selgar. Han konkluderte nemleg med at dei skoa vi allereie hadde måtte vere store nok, og jammen fekk han ikkje rett. Str 25 gjekk til slutt på foten. Det er både snøring, glidelås, borrelås og endå meir snøring, og ikkje heilt enkelt å få foten innimellom alt. Neste gong skal vi kjøpe noko enklare, men her er i alle fall nokre bilete av A. sin aller første skitur:


Det ser ut til at vi har fått eit A-menneske i hus. Ho startar i alle fall dagen mykje tidlegare enn mora og faren eigentleg set pris på. I dag var ho klar for å stå opp kl 0430. Det var i grunnen ikkje eg, men eg hadde ikkje så mykje eg skulle ha sagt. Søstra verkar derimot til å vere eit B-menneske. I går måtte ho vekkast kl 09.

Og slik ser dei ut:

A

B

Ganske sjarmerande begge to, om eg må seie det sjølv.

Tørrtrening

Nydeleg vinter ute, i alle fall på starten av dagen i dag. Men kva hjelper vel det, når mamma og pappa har kjøpt skisko som er for små? Då blir det sånn som dette:

Fingeren

I dag viste A. fingeren til meg. Eg lurte på kor ho hadde lært det, og det var (sjølvsagt) i barnehagen. Men eg vart overraska då ho sa at det var Åse Helen, den pedagogiske leiaren, som hadde lært henne det. Det spørs om eg ikkje må setje meg litt grundigare inn i rammeplanen for barnehagane…


Nei, ho er nok ikkje like uskuldig som ho ser ut.

Vald i heimen

Kva gjer ein når ein finn ei sparebøsse full av myntar, men ikkje har nøkkel til å låse den opp? Jo, då tar ein saga i eigne hender.

Lite veit han om kva som snart skal skje.

Litt saging, eit knekk og så…

… 121,50 kroner, 2 sørafrikanske rand og ei lita handfull engelske myntar. Ikkje akkurat dei summane eg hadde håpa på, men eit lite bidrag til julehandelen er det jo.