Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2007

Søppel-post – no også på fax

Spam-mail er nok eit kjend fenomen for dei fleste. Men er det andre som også opplever å få spam på fax? På fax-maskina på jobb pip det stadig vekk inn uønska faxar. Reklame for kurset: «Slik håndterer du vanskelige personer» er ein gjengangar, det same er annonse for GPS. Skritteljar, påskeegg og mikrofonstativ har vi også fått tilbod om – til svært gunstige prisar naturlegvis. Sjølv om eg på ingen måte er tilhengar av uønska reklame, må eg seie at denne fax-spamen (spam-faxen) fascinerar meg. Så lenge det ikkje kjem 100 om dagen…

Advertisements

Read Full Post »

Lukka i livet…

… er påskemarsipan til halv pris.

Read Full Post »

Påske i plysj

I lokalavisa var det avstemning om innepåske var ei mislukka påske. Svara fordelte seg slik: 37,3% ja, 43,8% nei og 19% «bryr meg ikkje.» Eg har vel alltid tenkt at svaret på eit slikt spørsmål måtte vere ja, men no trur eg at eg har ombestemt meg. For ei påske i plysj (eigentleg fleece) er heller ikkje å forakte. Kryssord + fine bøker + handarbeid + telefonsamtalar + dameblader + god mat + godteri + god mann + gode venner = god stemning.

Read Full Post »