Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2007

Blond?

Eg seier som Hedda: Eg veit ikkje om dette eignar seg for verdsveven, men her kjem det likevel. I november vann eg ein MP3-spelar i ein quiz-konkurranse på kinoen. Eg har nesten ikkje brukt han, og vart difor overraska då eg tok han fram og fann ut han ikkje virka. Eg bytta batteri, men ingenting skjedde. Det var ingen veg utanom; eg måtte til butikken og klage. Den unge ekspeditøren lytta til kva eg hadde å seie, tok ut batteriet, snudde det og sette det inn att – riktig veg – og MP3-spelaren funka igjen.

Advertisements

Read Full Post »

Laurdagsgodt

For ei veke sidan eller to fann eg ein ifa-pastill i ein halslinse-pose. Slikt vil eg ikkje ha noko av, så eg sende eit lite klagebrev til produsenten. I går kom svaret – ei øskje med laurdagsgodt! Øskja måtte hentast på Posten (eller på Post-i-butikk, for å vere heilt nøyaktig), for ho var for stor for postkassa vår (og vi har nettopp fått ny og stor postkasse). Eg deler gjerne med dei som måtte kome på besøk.

Read Full Post »