Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2008

«Vår»

Det går rykter om at det andre stader i landet er sol og nesten sommar, ja, solbrillefint. Her nord kan vi melde om snø/ sludd, kuling frå nordvest, temperaturar rundt 0 grader og vegar/ fortau dekka av 5-10 cm slaps. Men vi kosar oss likevel. Følgjande aktivitetar kan nemnast på koselista:

– babysvømming (dersom ein ser vekk frå dei minutta med skriking etter at bebisen fekk vatn i fjeset)
– besøk (tanter og onklar og besteforeldre og venner kjem på rekke og rad)
– trening (truleg mest kos for mor og minst for far som må vere åleine heime med ein skrikande bebis)

Read Full Post »

Oss menneske imellom

I samband med å ha gitt liv til ein ny verdsborgar har vi fått mykje brev og pakkar i posten (tusen takk!). Posten har dei seinare åra blitt sløvare med å stemple frimerka, noko som gjer at dei kan brukast på nytt. Spesielt kjekt er det med klistremerkefrimerka, for dei er som regel lette å få av. Dei tradisjonelle sleike-på-frimerka er det verre med, men heldigvis fekk eg besøk av ein gamal frimerkesamlar (les: far min) som kunne hjelpe meg å bløyte frimerka. Resultatet ser de på biletet. Frimerke for i alt 119,50 kr er klare til å bli brukt på nytt. Dette gjer godt i eit Watne-hjarte.

PS: Lurer på om gjenbruk av frimerke gjeld som bidrag i klimadugnaden.

PPS: Frimerkebløytinga i går gjorde til at det dukka opp minne frå barndommen, då far min og bror min samla på frimerker. Eg fekk samle på dei små konvoluttrestane som vart att etter bløytinga.

Read Full Post »

Mat for mødre

Det er ikkje alltid så lett å få laga seg middag når mannen er på jobb og ein har ansvar for ein liten bebis som berre vil hengje på armen. Eg må difor finne mat som kan lagast og etast med éi hand (i går prøvde eg tortillas, men det hamnar definitivt ikkje i den kategorien). Så langt har eg hatt suksess med følgjande rettar:

– tomatsuppe frå Toro
– speilegg
– kokt egg
– diverse restemat som berre treng å varmast opp (eg innser at det hadde vore gildt å hatt ein mikrobølgeomn)

Eg tar svært gjerne imot tips til andre rettar, for no er det tomt for egg…

Read Full Post »

Ein perfekt baby!

Bebisen vår har vore på 6-vekerskontroll hos legen i dag, og konklusjonen hans var at vi hadde fått ein perfekt baby. Det visste vi jo frå før, men det er alltid kjekt når ein lege seier det. Denne legen kunne attpåtil seiast å vere nokså objektiv i uttalingane sine, i motsetnad til andre legar bebisen vår har vore i kontakt med.

Eg publiserar like godt eit bilete av det perfekte barnet:

Read Full Post »