Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2009

I dag har eg først vore på kafé med ein av Brann-spelarane som skåra mål i kampen mot Molde i går (trur eg i alle fall, verken Lene eller eg er spesielt gode på fotballspelarar). Deretter symde eg med han som vann OL-medalje i symjing for ikkje så lenge sidan. Han symde nok litt fortare enn meg, men han hadde symjebriller, og det hadde ikkje eg.

Read Full Post »

Vi har vore i utlandet, nærare bestemt i Sverige. På veg heim hadde A. og eg eit par dagar i Oslo, før vi skulle ta toget frå Oslo til Bergen. På grunn av utanlandsopphaldet hadde eg veldig vondt i ein fot, og difor bestemte eg meg for å ta taxi til togstasjonen på Lysaker. På GuleSider skulle det vere ca 8 km frå der vi overnatta. For å vere på den sikre sida bestilte eg likevel taxien 50 min før toget skulle gå. Det ville jo vere kjipt å bli sitjande fast i morgontrafikken og ikkje rekke toget.

For å gjere ei frykteleg lang historie kort: Vi hamna på Lillestrøm i staden for på Lysaker.

Vi rakk sjølvsagt ikkje toget, men fekk køyre taxi i 130 km/t til Gardermoen i staden. No har eg send klagebrev til taxi-selskapet og håpar at dei betalar flybilletten vår heim att.

Read Full Post »

Helga i tal

På tide med ei oppsummering av helga. Og etter å ha lese ei spanande bok, der matematikk spelte ei fiffig birolle, har eg funne ut at eg vil ha eit lite statistisk tilbakeblikk:

Antal barn eg har hatt ansvar for: 1
Antal timar søvn: 6 + 6 + 2,5 (slett ikkje verst!)
Antal sider lese i spanande bok: ca 500
Antal sider skrive på eksamensoppgåva: 1,5
Antal liter konsumert koffeinhaldig drikke: ca 2,5
Antal pakkar med brukt Kleenex: ca 5 (talet vil nok auke før helga er over)

Read Full Post »