Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2008

Norge Rundt

Det er fredag, og tradisjonen tru ser vi på Norge Rundt (evt i mangel på andre kanalar/ anna selskap). Eg har lagt bebisen på ei turnmatte framfor TV-en, og det ser ut som om ho er svært begeistra for det tradisjonsrike programmet. Ein skal tidleg krøkast…

Read Full Post »

Innetid

Eigentleg skulle eg på ein lengre trilletur med to andre mødre i dag, men med snødrev og stiv kuling melde eg pass. I staden har det vorte ein deilig fredag i uformelle klede, både for mor og barn. Bebisen har hatt ein svært roleg dag så langt. Etter frukost vart ho lagt i vogna, og der har ho sove sidan, kun avbrutt av litt lunsj. No lurer eg på om det er vits i å kle henne for dagen, eller om ho skal få gå med ullundertøyet sitt til det blir kveld…

Read Full Post »

Påskemåltid

H. er på jobb, og eg har åleineansvar for hus og heim og bebis. Det er Skjærtorsdag, og slik såg middagen min ut:

(Det er begrensa kva ein kan få til med ein bebis som helst ikkje vil liggje åleine. Forresten er det tredje dagen på rad med steikte grillpølser til middag…)

Read Full Post »

Uro = moro

Som pedagog er eg oppteken av at barnet mitt skal få dei rette stimulia, slik at ho utviklar seg sånn som ho skal. Eg har lest at det kan vere lurt å hengje opp ein uro over stellebordet, og at svart/ kvit og geometriske figurar er det beste for slike små. Så i dag har eg hengt opp ein liten elefant med svarte og kvite prikkar på badet. Under den grøne «paraplyen» er det svarte stjerner på ein kvit bakgrunn. Kan det bli betre? Uansett var dette midt i blinken for bebisen vår; ho viste tydeleg interesse for elefanten.

Read Full Post »

Mat på svartelista

Eg har no testa ut fleire matvarer som Aili ikkje set like stor pris på som meg. Frå no av skal eg unngå marsipan (og no som det snart blir påskemarsipan til halv pris) og brokkoli.

Read Full Post »

Påskeferie

Når ein har permisjon er det vanskeleg å skilje mellom kvardag og helg. Men eg har fått med meg at det er påske. Sidan det i år blir dårleg med skiturar og hytteliv, må ein prøve å lage påskestemning på andre måtar. Så langt har eg desse stemningsskapande aktivitetane:

– Sprade rundt i stillongs og ulltrøye inne
– Ete Sjokade (når ein er vaksen kan ein smøre på så mykje ein vil)
– Kjøpe smågodt til 6,90/ hg
– Sjå «Påskenøtter» og påskekrim
– Steike grillpølser i steikepanna og ete dei til middag

Read Full Post »

På butikken i dag selde ein av elevane mine lodd til inntekt for fotball-laget sitt. Eg tenkte eg skulle støtte ei god sak og kjøpte lodd for 20 kr. Det var absolutt ikkje meininga å vinne, fordi a) vi var ute med vogna og det var ca 2,5 km å gå heim og b) vi hadde eigentleg ikkje så lyst på kake. Men då talet 333 viste seg på loddet mitt, var vinsten eit faktum, og vi måtte ta med oss ein grøn gensar (= ei marsipankake med grønt lokk) heim. No håpar vi at Viktor blir frisk til i morgon, slik at vi pappaen hans kan hjelpe oss å ete kaka.

Read Full Post »

Når prinsippa ryk

I samband med fødselen og barnet som kom ut under den, har eg måtta la ein del prinsipp fare. Og eg har innsett at det har vore til det beste.

Når det gjaldt smertelindring under fødselen hadde eg bestemt meg for at eg ville sitje i badekar og evt prøve lystgass etter kvart. Akupunktur er eg skeptisk til (for det første er eg redd for nåler, for det andre har eg ikkje heilt trua på at det funkar) og epidural ville eg helst unngå pga biverknadane. Men det gjekk ikkje heilt som eg hadde tenkt… Fordi fødselen vart sett igang fekk eg elektrodar og nåler og slangar her og der, og då fekk eg ikkje lov til å sitje i vatn. Badekar good bye, med andre ord. Eit lite stykke ut i fødselen (trur eg, eg har ikkje heilt begrep om tida den dagen) kom det ei jordmor som lurte på om eg ville ha akupunktur. Eg takka ja utan å blunke (dvs – utan å opne augo. Det var så vondt at eg ikkje klarte å halde augo opne…). Eg fekk nåler i panna, handa og ryggen, men eg veit ikkje om det hjalp. Difor fekk eg tilbod om lystgass, og det var eg jo positiv til. Men eg fekk det ikkje til å funke – det smakte ekkelt og varmt, og eg la frå meg maska når riene kom. Til slutt føreslo (bestemte?) ein eller annan at eg skulle få epidural, og eg trur ikkje eg trong å seie ja ein gong. Anestesilegen som sette epiduralen er ein venn av onkel Rolf, og han redda verkeleg dagen min.

I dag har vi gått til innkjøp av smokk. Eg har tenkt at ungar kan klare seg utan smokk, at det ikkje er bra for tannstillinga deira osb, men eg innser at investeringa på 29,90 er den beste vi har gjort så langt for å bevare husfreden. No gjeld det berre å bli einig med mannen i mitt liv om kor mykje vi skal bruke den (han har ein tendens til å stappe den inn ved den minste lyd, eg meiner den kun er til hylskriking.).

Read Full Post »