Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 2006

Sommaren er på hell

Min første lærarferie er snart over, og det er litt vemodig. Eg har hatt ein super sommar og kan nemne desse høgdepunkta:

– spele på hest i Antwerpen
– Sørlandet med stor s
– spele minigolf for første gong
– Togga og Fuglesteg i Sogn
– kino med G og E.K
– IS!
– møte med innpåsliten geit på Viefjellet i lag med Ø
– bading i regnet på Askøy
– bryllaupet til L og R
– Buzz med familien (eg vann!)
– milkshake på Pikant med A, H og H
– sosialt samver med familie og venner
– bading frå båt i Masfjorden
– 15. plass i Jentespranget i H.fest

Men frå i morgon av blir det andre bollar. Då byrjar alvoret, med F&S-diplomering, spanskkollokvie, fagplanar og årsplanlegging…

Read Full Post »