Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2010

Kvardagsidyll

Nokre bilete frå middagar i det siste. Og nei, vi serverer ikkje berre fancy gourmetmat.



Read Full Post »

Frå barnemunn

Eg: Kven er det som lagar hol i tennene dersom vi ikkje pussar dei?
A: Ågot!

Read Full Post »

Trondheimstur

Førre helg var vi i Trondheim. Det var ein fin tur, sjølv om A. vart sjuk siste dagen. H. og eg fekk til og med gått på kino – for første gong på eitt år. Her er nokre bilete:

Kake til kvelds




Dinosaursnømann

A. søv litt mellom taka og eg har fått ny sveis.

Read Full Post »

Eg ønskjer meg denne lua! Kanskje i ein brun- eller grønfarge?

PS: Det viser seg at denne elektroniske ønskjelista allereie er ein suksess. Ønsket med gåvekort på frisør i Trondheim vart oppfylt i helga, og eg er svært nøgd på alle måtar.

Read Full Post »

Bursdagsønskjeliste

Vi har byrja på ein ny månad som inneber at eg har byrja nedteljing til bursdagen min. Det å leggje ut A. si ønskjeliste på bloggen var ein suksess, så no prøver eg om det funkar like bra for meg. Her er ønskja (i tilfeldig rekkefølgje):

– bil med firhjulstrekk
Rørospledd (eit som matchar ein falma sofa med tusjteikningar på)
– gåvekort på ein frisørsalong i Trondheim i kombinasjon med gåvekort på barnevakt (må helst bli før sjølve bursdagen, hint hint)
– produkt frå denne Body Shop-serien
filmane basert på Stieg Larsson-bøkene – og gåvekort på at nokon vil sjå dei i lag med meg (eg tør ikkje sjå dei åleine…)
– nye turskisko (dersom dei gamle ikkje dukkar opp)

Read Full Post »

Herleg helg

Det er fantastisk å ha besøk av folk som synest det er greitt å gå rundt i stillongs heile ettermiddagen, som likar å spele spel, leike med A. og som hjelper til med å lage mat og vaske opp. Når vi i tillegg hadde supert vêr og fekk vore ute på tur både laurdag og sundag, kan ein ikkje seie anna enn at vi hadde ei herleg helg. Tusen takk til S. og N.! Håpar vi treffast snart igjen.

Read Full Post »