Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Pop og rock med blokk’ Category

Blond?

Eg seier som Hedda: Eg veit ikkje om dette eignar seg for verdsveven, men her kjem det likevel. I november vann eg ein MP3-spelar i ein quiz-konkurranse på kinoen. Eg har nesten ikkje brukt han, og vart difor overraska då eg tok han fram og fann ut han ikkje virka. Eg bytta batteri, men ingenting skjedde. Det var ingen veg utanom; eg måtte til butikken og klage. Den unge ekspeditøren lytta til kva eg hadde å seie, tok ut batteriet, snudde det og sette det inn att – riktig veg – og MP3-spelaren funka igjen.

Advertisements

Read Full Post »

På sundag var det karnevalgudsteneste i Hammerfest kirke. Eg hadde lånt bjørnekostyme av venninna til Gunnhild og barnekoret mitt skulle synge. Vi hadde øvd lenge på «Goink, goink said the little Mister Froggy» og «Hånda mi er liten,» og var klare for å vise oss fram. Det vart ei nokså kaotisk gudsteneste, med riddarar som fekta mellom benkane og små tigrar som klatra på alterringen. Men eg synest koret mitt klarte seg bra. I dag stod dette å lese i Finnmark Dagblad (FD):

«Nesten 100 unger og dobbelt så mange voksne møtte til gudstjeneste og karnevalsfeiring i Hammerfest kirke søndag. Alle byens seksåringer var nemlig invitert for å motta 6-årsboka som en gave fra kirka. Og sammen med små og store søsken, dansen yndige prinsesser, modige riddere, skremmende monstre, skumle skjeletter, koselige bjørner (MEG!) og uovervinnelige edderkoppmenn på seks år, inn i kirka til smektende sambarytmer. Og etter gudstjeneste, bokoverrekking, nydelige toner fra barnegospelkoret (MITT KOR!) og tenning av lys fortsatte festen med fastelavensboller, saft og kaffe i kirkestua.»

Ikkje verst å få så positiv omtale i avisa!


Bjørn i heimen

Read Full Post »

No har eg juleferie, etter veker med intense førebuingar til juleavslutninga. Vi har snekra, malt, sydd, baka, pynta, øvd på skodespel, blokkfløyte og sang. Og i går skulle vi vise alt vi hadde gjort til foreldra. Verken S., R. eller eg fekk sett framsyninga av Romeo og Julie (vi styrte backstage), men eg trur det gjekk bra likevel. Alt i alt må eg seie at det var eit vellukka arrangement med god underhaldning og mengder av graut og kaker og anna god mat. Festrusen sov eg ut hos rektor S., sidan det ikkje går kveldsferje på måndagar.

Read Full Post »

Barnekorkurs

I helga var eg i hovudstaden ein snartur. Hammerfest menighet sponsa reisa, og eg fekk vere med på barnekorkurs. No har eg lærd ulike taktfigurar (2/2, 3/4, 4/4) og kan m.a. dirigere «To er nok» når elevane mine spelar blokkfløyte. Eg har også lærd mange morosame songar som eg underheld Håvard med, samt nokre artige oppvarmingsøvingar. Av dei andre deltakarane på kurset kan eg nemne June Music frå Bergen, ei gruvearbeidarske frå Polargospel i Longyearbyen og oslojenta Benedicte som var gift med ein kokk som no jobba som konditor.

I løpet av helga rakk eg også å gå innom H&M og Body Shop. Puh.

Read Full Post »