Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Norsk’ Category

Kva skal barnet heite?

Det ser dårleg ut for å få barn på samefolkets dag. Det var synd, for vi hadde funne nokre namn som kunne vere aktuelle for ein med fødselsdag denne dagen. Min favoritt var Aslak Aslak. Eit ikkje-samisk alternativ er Gael Mathias; ein kombinasjon av min favorittskodespelar og det meste brukte guttenamnet i fjor. Andre namneforslag blir mottekne med takk.

Read Full Post »

Talefeil

Den siste lydboka eg har høyrd er Skriften på veggen av Gunnar Staalesen. Ho vart lesen av ein renommert skodespelar frå Bergen (tipp kven!), som heile to gonger fortel at Varg Veum må vise fram legimitasjonen sin. Det synest eg er ganske festleg.

Dagens bilete viser nok eit supert plagg eg har fått av søstra mi:

Og, nei, vi har ikkje blitt foreldre enno.

Read Full Post »

Ibsens ripsbusker…

Det er jammen ikkje så enkelt å skulle planlegge spanande undervisningsopplegg i tide og utide. Eg har no kome ein situasjon som truleg er uunngåeleg for alle lærarar, men det er ein situasjon eg må svelgje nokre kamelar for å vere i: i morgon må eg vise elevane ein video som eg ikkje har sett på førehand. Sjølvsagt «må» eg ikkje vise dei denne filmen, men eg har ingen andre gode planar for undervisninga… Filmen heiter «Udødelige Ibsen» og er ein dokumentar om dramatikaren, så eg kan vel ikkje påføre elevane dei heilt store skadane.

Elles kan eg i dag melde om kaotiske tilstandar på Daltun skole (det er nesten sånn at Hilde Hummelvoll skulle vore der og ordna opp…). Vi hadde besøk av helsesøstra som skulle vaksinere nokre av elevane. Det endte med flukt, tårer og basketak i korridoren – og at alle fekk kvar sin refleksbamse.

Read Full Post »