Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2006

Fantastiske F&S

I påska hadde eg nokre helskjønne dagar i Helsjön utanfor Gøteborg. Det var første steg på veg mot å bli treningsleiar i F&S, og det var jättekul og -mysigt å vere i Sverige. Vi gjekk med mys-kläder og jogga og snakka om ishockey. Dvs, eg snakka ikkje så mykje, for svenskane hadde litt problem med å forstå kva eg sa. Siste kvelden arrangerte eg ein Noregs-quiz for å teste kunnskapane deira om Noreg. Vinnarlaget fekk 7 av 17 mogelege poeng. No må eg ta ein skriftleg eksamen for å vise at eg fekk med meg det som vi gjekk gjennom på kurset av fysiologi, anatomi og treningslære. Og så må eg på Steg2, etterfølgd av ein praktisk eksamen før eg endeleg kan kalle meg treningsleiar. Heia F&S!

Read Full Post »

Frisk og svett påske

No snur eg straks nasen sørover. Første etappe går med bil til Alta. Derfrå tar eg fly til Oslo, før eg skal ta buss til Gøteborg. I Gøteborg skal eg overnatte på Rica, før eg i morgon tidleg skal ta tog til Kungsbacka. Siste etappe av turen er tre mil med taxi til Helsjön, ein folkehøgskule som i påska skal vere arena for Friskis&Svettis-instruktørkurs.

God påske!


Den klassiske solbrille-looken (eg trur den er tydlegare live enn på bilete…)

Read Full Post »

Glimrande Glimmervann

I går gjekk Karianne og eg same ruta som Elin og eg gjekk på måndag. I går var det mykje meir vind, så vi søkte ly under ein bergknaus og naut livet med kakao og jentesnakk. Fantastisk!

Read Full Post »

Perfekt påsketur!

Målet med dagens skitur var å finne ein plass å setje seg ned for å grille pølser og nyte sola. Men Elin og eg vart rivne med, og brått hadde vi gått 7 km i oppoverbakke frå Prærien til Glimmervannshytta. Der fekk vi selskap av P.Å., ein kollega frå volleyballen. Vi grilla pølser, smakte på Elin sitt nydelege bakverk og koste oss maksimalt. Eg har no den karakteristiske påskefargen i fjeset etter ein dag utandørs… I love it.


Elin og Tjuven


Eit gledeshopp


Glimmervannshytta

Read Full Post »

Etter familiegudsteneste med vifting av palmegreiner, gjekk H. og eg ein skitur i nærmiljøet. Det var litt lite snø, mykje steinar, ein del vind, men elles var det ein fin tur. Etter skituren fekk vi besøk av Andreas som åt middag og brownies saman med oss. Snart skal vi sjå Gymnaslærer Pedersen på kino. Kan Palmesundag feirast på ein betre måte?


H. og Tjuven


Her er ein rev vi såg (midt på biletet)


Kjærasten min og meg utforskar nabolaget på ski

Read Full Post »

… FERIE!

Read Full Post »

Testgym

Dei siste dagane har eg vore ganske nervøs og uroleg for det som skulle skje i dag. Friskis & Svettis skulle kome til byen, for å arrangere prøvetime, lodde stemninga for oppstart av F&S her og for å arrangere testgym for framtidige treningsleiarar. Eg hadde fått i oppgåve å hengje opp plakatar, men dei kom aldri i posten. I går stod det ei annonse om opplegget i lokalavisa, og eg var verkeleg spent på kor mange som kom til å møte opp.

Til slutt var vi 11 glade mosjonistar og to instruktørar frå Tromsø. Det var gode greier, og Astrid og eg gjennomførte både prøvetimen og testgymmen med glans. Så dersom alt går som det skal, blir det instruktørkurs på meg i Gøteborg frå Skjærtorsdag til 2. påskedag og oppstart av F&S i Hammerfest frå hausten av. Vi går spanande tider i møte.

Read Full Post »