Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2006

Internat for ei natt

For ca 24 timar sidan hadde eg akkurat lagt meg i soveposen på liggjeunderlaget i eit av klasseromma på skulen min. Vi har vinteraktivitetsveke og ein av aktivitetane var å la alle elevane overnatte på skulen. Det var skikkeleg internat-stemning. Elevane vart delte i grupper som hadde ansvar for mat og underhaldning, og etter middag og leksetid var det duka for elevkveld. Den første gruppa byrja med leiken «nøtt, sannhet eller prosent,» og vi fekk vite at ein av fedrane likte sonen sin 100%, medan han likte kona 99%. Elles var det ikkje så mykje som kom fram. Neste gruppe hadde laga ein sketsj om ein kunst- og handverkstime, der både R. og eg kjende oss att i ho som spelte lærar. Den siste gruppa hadde ein mat-leik, som gjekk ut på at tre stk med bind for augo skulle smake på ymse matvarer og seie kva det var. Det var sjølvsagt om å gjere å ikkje spytte noko ut att, og elevane gjorde grimasar og svalgte som best dei kunne. Men då det kom til ei kvit, klumpete blanding klarte ikkje den eine deltakaren meir. Då kom alle smaksprøvene, og sikkert litt av middagen, opp att. Heldigvis var Bøttemannen på plass.

Etter underholdning stod det herjing i gymsalen (for dei store) og soving (for dei minste + meg) på programmet. Dei som eg hadde ansvar for sovna ca 1 time etter at dei skulle, medan eg låg vaken til langt på natt. Det skal bli godt å leggje seg i si eiga seng om kun kort tid.

Read Full Post »

Snøen lavar ned ute. Det byrjar å bli ordentleg fine vinterforhold, med 2-3 minusgrader og fin, laus snø. Til helga blir det truleg skitur til Montenegro-hytta, men før den tid skal eg ha ein forsmak på sommaren. Det har seg nemleg slik at eg har meld meg på salsa- og merenguekurs. Den første kurskvelden var i dag, og ein svært velkledd cubanar med blankpussa sko og rosa skjorte lærde oss «å markere» og å ta «una vuelta.» (Vi lærte ein ting til, men den hugsar ikkje namnet på.) Jau, det var verkeleg eit solgløtt i vintermørket. Eg gler meg til i morgon.

Read Full Post »

Motorstyr

Det vert slik at «motorstyreenheten» må skiftast, og ifølge mannen på verkstaden ville det koste 11 000 kr + arbeidstimar. Heldigvis har vi skaffa oss Superforsikring (ja, den heiter faktisk det!), så då slepp vi unna med 6000 kr i eigenandel. Med årsavgift og avdrag på lånet fører det til 14 000 kr i samla bilutgifter denne månaden. Ikkje verst.

(Arnhild, viss du les dette, skjønar du kanskje kvifor det kan bli vanskeleg å dra til Bolivia til hausten…)

Read Full Post »

Bilbaluba

I dag har vi verkeleg fått erfare nokre av bakdelane med å vere bileigarar. For det første er det 15. mars i dag, og 2865 kr har gått ut av kontoen min slik at eg kan få eit klistremerke til bilen. (Eg har forresten tatt blodprøve hos Solveig på sjukehuset i dag, og der fekk eg klistremerke gratis. Kanskje eg kan bruke dei på bilen?!) For det andre har verkstaden som skulle fikse det vesle fjuske-problemet bilen vår har hatt, funne ut at vi truleg må skifte heile «motorstyreenheten». Ikkje det at eg veit kva det er for noko, men det høyrest unekteleg ikkje billeg ut. Sidan eg av og til er avhengig av bil til jobb, spurde eg om å få låne ein bil på verkstaden. Det var ikkje så lett, men til slutt fekk vi ein avtale om å hente nøklane til ein Mercedes A-klasse på Esso-stasjonen. Vi kjempa oss gjennom kuling og sludd, men var det nøkkel på Esso? Nei. Etter endå meir kuling og sludd fekk vi likevel nøklane og no står det ein ny liten Mercedes utanfor huset vårt. Håpar eg slepp å køyre den i mørkret, for eg fann ikkje ut korleis ein får på langlysa… No steikjer H. pannekaker og kl 21 er det volleyball. Kanskje ikkje kvelden blir så verst likevel.

Read Full Post »

På sundag var det karnevalgudsteneste i Hammerfest kirke. Eg hadde lånt bjørnekostyme av venninna til Gunnhild og barnekoret mitt skulle synge. Vi hadde øvd lenge på «Goink, goink said the little Mister Froggy» og «Hånda mi er liten,» og var klare for å vise oss fram. Det vart ei nokså kaotisk gudsteneste, med riddarar som fekta mellom benkane og små tigrar som klatra på alterringen. Men eg synest koret mitt klarte seg bra. I dag stod dette å lese i Finnmark Dagblad (FD):

«Nesten 100 unger og dobbelt så mange voksne møtte til gudstjeneste og karnevalsfeiring i Hammerfest kirke søndag. Alle byens seksåringer var nemlig invitert for å motta 6-årsboka som en gave fra kirka. Og sammen med små og store søsken, dansen yndige prinsesser, modige riddere, skremmende monstre, skumle skjeletter, koselige bjørner (MEG!) og uovervinnelige edderkoppmenn på seks år, inn i kirka til smektende sambarytmer. Og etter gudstjeneste, bokoverrekking, nydelige toner fra barnegospelkoret (MITT KOR!) og tenning av lys fortsatte festen med fastelavensboller, saft og kaffe i kirkestua.»

Ikkje verst å få så positiv omtale i avisa!


Bjørn i heimen

Read Full Post »