Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2008

Eg vann, eg vann!

Då vi budde i Finnmark prøvde vi etter beste evne å bli integrert i den nordnorske kulturen. (Det vil seie, vi held oss unna nokre ting, som til dømes heimebrent og å ha seg fremmed.) Det innebar mellom anna at vi byrja med tipping/ pengespel. Kvar helg kjøpte vi bokstav-flax for 30 kr og skrapte ivrig i veg. Denne tradisjonen synest eg at det er verd å halde på, sjølv om vi ikkje bur i Finnmark lenger. Så i går kjøpte eg eit nytt lodd, og ordet «TROMS» gav meg faktisk ein gevinst på heile 1000 kr. Heia Nord-Noreg!

Advertisements

Read Full Post »

Utvikling

Eg var i si tid redd for at A. aldri skulle byrje å snu seg frå rygg til mage. No klarar ho det + ei mengd med andre ting svært godt, så no bekymrar eg meg ikkje så mykje lenger. Eg ser at det skjer ei utvikling, om enn litt seinare enn hos andre på hennar alder. (Men til gjengjeld har A. fleire tenner og meir hår enn dei vi kan samanlikne ho med. Og så er ho jo mykje søtare, så då gjer det ingenting at ho er litt treig av seg.)

Read Full Post »

Kosekrok

A. har blitt meir mobil, og her ein dag fann ho seg ein «kosekrok.» Det ser ikkje heilt komfortabelt ut å sitje slik, men ho var i alle fall nøgd. Ei stund.

Read Full Post »

Litt stolt

For ei veke eller to sidan var mamma på besøk. Ho potta om nesten alle plantene våre (tusen takk!). Inspirert av innsatsen hennar fann eg ut at eg skulle prøve å potte om ei lita plante sjølv. Så langt ser det ut til å ha gått veldig bra, og eg er veldig stolt over meg sjølv.

Read Full Post »

Eit slags veddemål

På grunn av planløysinga i leilegheita vår må stelle A. på kjøkenet. Og på grunn av tøybleieløysinga må vi kaste bæsjerispapir i do. Og fordi A. ikkje kan liggje åleine på stellebordet (les: vaskemaskina) medan eg kastar bæsjerispapiret i do, må eg leggje ho og stellematta på golvet i mellomtida. Eg brukar å vente med å ta på ho ny bleie til eg er tilbake, med det resultatet at ho ofte har tissa på stellematta når eg kjem tilbake. I det siste har ho byrja å krype ut på kjøkengolvet, og då tissar ho altså på golvet. I dag skulle eg prøve eit lite veddemål (og eg ser at eg kanskje kunne formulert meg annleis for å få eit betre resultat). Eg sa til ho at viss ho tissa på golvet medan eg kasta rispapiret i do skulle eg putte alle pengane i lommeboka mi opp i sparebøssa hennar. Resultatet vart at ho fekk 8,50…

Read Full Post »

Harmoni

Eg har kanskje blitt vel urban, men likevel: Eg likar nylagt asfalt. Ikkje lukta og konsistensen, men utsjånaden. Alt blir liksom så ordentleg og … harmonisk. Særskild godt likar eg når det har vore grundig grave- og byggingsarbeid, og det er laga nye vegar, nye fortau, nye trikkeskiner, nye sykkelvegar og alt har vore kaotisk lenge. Og så, på ein augneblink, når asfalten kjem på plass, blir alt ferdig. Den siste tida har det vore mykje slikt arbeid rundt her som vi bur, og eg har følgd utviklinga i kaoset over ein lengre periode. No nærmar det seg harmoni alle stader, og eg gler meg til å prøve den nylagte asfalten. Og ikkje nok med det – i denne byen er det store grave- og byggeprosjekt stort sett over alt, så eg kan få oppleve harmoni-kjensla om att og om att og om att…

Read Full Post »

Tigerstaden og Drammen

Familien har vore på tur. Først var vi i Tigerstaden hos tante O. og onkel LO. Der dukka også bestemor og tante Å. opp. Veldig kjekt. Så drog vi til Drammen, der vi var fadrar til tremenningen til A. Vi tok nokre fine bilete av eit sovande dåpsbarn, men eg kan nesten ikkje publisere bilete av andre sine ungar på bloggen min. Difor vert det i staden eit bilete av mitt eige barn, i ein fantastisk smart «stol» som vi kjøpte i hovudstaden.

Read Full Post »

Older Posts »