Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2006

Kompliment

I dag har vi laga papir på skulen. Medan eg og ein elev moste makulert papir i ein blender, kom eleven med denne kommentaren:

«Eg synest det er kjekt å ha deg som lærar, Ingeborg. Du finn alltid på sånne gøye aktivitetar og vi gjer masse sånne praktiske oppgåver som eg likar.»

Å, for ein strålande dag!

Read Full Post »

I dag såg eg sola for første gong i Finnmark i 2006. Ho kom rett i fjeset mitt då eg sat i bilen på veg til Skaidi. Bilen var full av kjekk og sunn ungdom som skulle på skitur på Skaidi. Minusgrader, puddersnø og sol; alt låg til rette for ein nydeleg tur.

Då vi kom til Skaidi, var sola allereie på veg ned bak fjella. (Vi kom oss seint av garde, for vi måtte feste skistativet på taket, og det hadde vi aldri gjort før. Det var ei kald oppleving i -10 grader og vind frå sør-aust.) Vi visste ikkje kor langrennsløypene var, og ville heller ikkje bruke tid på å leite etter dei. Difor stoppa vi på Statoil for å spørje etter vegen. Bensinstasjonen var stappfull av folk i scooterklede. Eg såg til og med ei dame med fotsid scooter-kåpe! Med inspirasjon frå L.O. siterer eg følgjande samtale mellom meg og ein mann Statoil, Skaidi:

Eg: Er du kjend her?
Mann: Nja, litt. Kordan det?
Eg: Veit du kor skiløypene er?
Mann: Ski? Ka e» det for nåkka? Her kjøre» vi bare scooter.

Vi fann m.a.o. ikkje skiløypene, men du verda kor flott det er å gå på ski i scooterspor!

Read Full Post »