Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2006

Noko av det beste med å jobbe er at ein får høve til å dra på kurs. I går og i dag har eg vore på «Ny i nord – veiledning for nyutdanna lærere» samling i Tromsø. Veldig bra opplegg, både fagleg og sosialt. Eg nytta sjansen til å vere hos Å. i helga. Det var så kjekt! H. kom også, og han laga rypemiddag på laurdag. Vi såg «Pingvinenes marsj» på kino og var på konsert med Kleive/Reiersrud i Ishavskatedralen. På laurdag hadde Å. og eg ein prøvetime på SATS, og eg blei minna på kor kjekt det hadde vore å hatt aerobictrening i nærleiken (sjå tidlegare innlegg). Å. er ivrig deltakar på Friskis & Svettis, og no lurer eg på om eg skal gjere eit framstøyt for å starte F&S her i Hammerfest…

Read Full Post »

Trening, helse, trivsel

I Hammerfest er ikkje treningstilbodet like godt som i Bergen, i alle fall ikkje viss det er aerobic ein vil trene. På eit treningssenter i byen er det plass til 18 stk aerobicarar, og der må ein skrive seg på liste viss ein vil trene. Det er eg ikkje så interessert i, og eg har difor tatt saka i eigne hender. Eg er ikkje heilt sikker på om dette eignar seg for publisering, men eg seier det likevel: Eg har skaffa meg to trenings-DVDar. Den eine heiter «Fat Burning for Dummies» og reklamerar med å vere «Den perfekte måten å komme i form på.» Den andre heiter «Aerolates – en spennende kombinasjon av pilates og aerobic som gir deg både styrke og kondisjon,» og hevdar å vere «den mest effektive metoden for fettforbrenning.» Eg må ærleg innrømme at det er ei noka spesiell kjensle å trene aerobic bak nedrulla persienner i si eiga stove, spesielt med H. som publikum. Men sidan både ver og manglande treningstilbod ikkje oppmuntrar til ein aktiv kvardag, er nok dette eit alternativ eg kjem til å bruke i ny og ne. Andre er herved oppfordra til å prøve det same.

Read Full Post »

… då kjem ein seg ikkje på jobb.

I dag kom den første stormen sidan vi flytta hit. Det har rett nok blæse ein del tidlegare, men aldri meir enn sterk kuling. (Sidan eg er avhengig av ferja kvar dag, har eg dette halvåret byrja å følgje med på vindstyrke og -retning på vermeldinga. Sterk vind frå sør-aust vind er ikkje noko særleg for ferjestrekninga Strømsnes – Kjerringholmen.) L.O. var med ut på skulen i går, og ferjeturen heim var den tøffaste eg har vore med på så langt. L.O. var kvalm i éin time etterpå… Men i går var det altså «berre» sterk kuling, og det fiksar ferjemannskapet greitt. Liten storm, derimot, er heftige saker. Så dagen i dag har eg brukt til ein roleg dag i heimen, ei strabasiøs ferd for å følgje L.O. til bussen, mykje brownies og litt brus.

Read Full Post »

Ikkje i 60-meter-form

Etter den søte kløe kjem den sure svie, heiter det i eit ordtak. Eller, sagt på ein annan måte; etter den søte juletid kjem den kjipe «influensaen.» (Eg har skjønt at det ikkje er kven som helst som får influensa, så eg set det i hermeteikn for å vere på den sikre sida.) I dag drog eg frå jobb etter lunsj, i samråd med R. og rektor S. Eg syntest litt synd på meg sjølv sidan eg er sjuk, og kjøpte Sjokade på butikken. Då eg kom heim sov eg i 2,5 timar. No har eg nett snakka med ein lege eg kjenner, og han sa at eg skal halde meg heime i morgon også. Det er med tungt hjarte eg går glipp av brøkdagen, men eg innser (etter MSN-rådgjeving frå ein fysioterapeut eg kjenner) at det kan gjere vondt verre å gå på jobb når ein ikkje er i 60-meter-form.

Read Full Post »

På torsdag opplevde eg for første gong det som er minuset ved å vere avhengig av ferjetransport for å kome seg til og frå jobb, nemleg at ferja ikkje gjekk då eg skulle heim. Eg måtte difor overnatte på sofaen hos Randi. Eg fekk heldigvis kjøpt meg ein tannkost på butikken til André, men reine klede, deodorant og maskara måtte eg klare meg utan. No skal eg lage eit «overlevingssett» med den slags utstyr som kan liggje på skulen til neste gong eg ikkje kjem meg heim.

Read Full Post »

Eg har i år eitt nyttårsforsett, og det er at eg skal skrive fleire brev til K. Elles vil eg halde fram med livet mitt som før. Eg er godt nøgd med 2005 og håpar 2006 blir minst like bra. Førebels ser det mørkt ut, men litt snø vil hjelpe på statistikken. Apropos snø – den eine skia mi knakk på flyet mellom Førde og Alta. No skal eg skrive erstatningsbrev til SAS (eller til SAS Braathens A/S, som det vel heiter).

Read Full Post »