Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2009

Nye erfaringar

Ja, då kan vi krysse av på endå ei «før-eller-seinare-må-det-skje-hending.» Denne gongen ikkje like lystbetont som førre gong, for i dag handla det om bilsjuke. Eg reknar med at det ikkje er naudsynt med ytterlegare detaljar eller dokumentasjon. Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko: pappa, som var sjåfør på turen (og som ikkje er kjend for å ta det roleg i svingane), fann ein 20-kroning på bakken der vi stoppa bilen. For ein flaskesamlar er dette stort.

Read Full Post »

Eg må innrømme at eg har venta på det. Før eller seinare måtte det berre skje, og i dag var altså dagen. Men at det skulle bli to gonger på same dag, hadde eg ikkje rekna med.

A. veks i alder og visdom, og har funne ut at boksar og posar ofte har eit innhald (nei, ho får ikkje leike med plastposar over hovudet, for dei som trudde det). I dag sat eg i stova og ante fred og ingen fare, medan A. kosa seg med å utforske kjøkenskapa. Det gjer ho stadig vekk, og det har gått greitt – til no. Brått kjende eg lukta av kakaopulver spreie seg i huset. Her måtte det vere noko muffens (dessverre ikkje muffins, til trass for den sterke kakaolukta). Og ganske riktig. A. hadde fått tak i ein boks med eit veldig spanande innhald. Bileta talar for seg sjølv.

kakao2

kakao1

Litt seinare på dagen fekk ho tak i ein annan pose som har ligge trygt i skapet – til no. Det vart litt sånn bryllupsstemning ei lita stund, men det gjekk fort over. Eg måtte fram med støvsugaren nok ein gong. Kor skal dette ende?

ris

Read Full Post »