Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 2005

No har eg juleferie, etter veker med intense førebuingar til juleavslutninga. Vi har snekra, malt, sydd, baka, pynta, øvd på skodespel, blokkfløyte og sang. Og i går skulle vi vise alt vi hadde gjort til foreldra. Verken S., R. eller eg fekk sett framsyninga av Romeo og Julie (vi styrte backstage), men eg trur det gjekk bra likevel. Alt i alt må eg seie at det var eit vellukka arrangement med god underhaldning og mengder av graut og kaker og anna god mat. Festrusen sov eg ut hos rektor S., sidan det ikkje går kveldsferje på måndagar.

Read Full Post »

Kva får ein viss ein blandar engleungar, englevinger, mjøl og sukker, glanspapir, lysmasse og Carolas jule-CD? Jau, då får ein dagens juleverkstad på skulen min. Eg har vore engle- og lysansvarleg og har hatt ein fin dag. Sidan klasseromma var fulle av ymse formingsutstyr fann vi ut at vi skulle ha datafri dag i dag. Det var ikkje så populært. Då elevane fekk høyre det sa dei: «Jammen, kva skal vi gjere då? Skal vi berre sitje i gangen?» Eg trur det er på tide at vi innfører fleire datafrie dagar.

Read Full Post »

Grønnsaker og gullkorn

I går hadde eg heimkunnskap med 2. – 3. klasse. Vi skulle lage grønnsakssuppe og medan vi kutta opp ingrediensane hadde vi følgjande samtale:

E=elev,
L=lærar (altså meg)

E: Eg likar ikkje grulerøtter.
L: Er det grulerøtter eller gulerøtter du ikkje likar?
E: Eg likar ingen av delane.

Read Full Post »

Endeleg helg

Så er endå ei veke gått og det er klart for helg. Men denne helga vert det ikkje så mykje tid til avslapping. Om ein drøy time skal eg vere i kyrkja på generalprøve med Hammerfest barnegospel. Vi skal nemleg opptre på julekonsert på sundag. I løpet av helga skal eg også klippe håret, handle inn ein del stæsj til juleavslutning på skulen, få besøk av Elisabet frå Jølster, setje karakter (både standpunkt og tentamen), planlegge nissegym og juleavslutning med koret og få av garde noko julepost. Og sjølvsagt skal eg vaske og stelle i heimen.

No lurer eg på kva som vil vere mest effektivt: Gå på nattope i kveld eller utsetje handlinga til i morgon føremiddag. Eg tar gjerne i mot innspel.

Read Full Post »

I helga tok eg meg ein svipptur til Tromsø. Eg tok båten på fredag frå Hammerfest til Alta kl 1600. I Alta vart eg plukka opp av Gunnhild, Bjørnar og Tor som køyrde oss til Tromsø. Vi var hos Ågot kl 0000 og fekk suppe før vi gjekk til sengs. Laurdag starta vi grytidleg med juleshopping. Eg handla mest til meg sjølv og fekk brukt MasterCardet mitt for første gong. Det funka heilt fint – på godt og vondt…

Read Full Post »

Student for ein dag

I dag har eg vore på møte saman med dei andre IKT-rettleiarane på skulane i Hammerfest. Eg hadde utruleg nok ikkje så mykje å bidra med når dei andre prata om tynn-klientar (?), traller med berbare PC-ar og trådlaust nettverk. Møtet var frå 0830 til 1000, og den første ferja eg kunne ta til skulen går kl 1130. Då ville eg vere på skulen kl 1200 – akkurat når eg skulle vere ferdig med dagens undervisning. Difor fann vi ut at eg like gjerne kunne jobbe heime i dag. Rektor S. og eg er med på eit rettleiingsopplegg som heiter Ny i nord (rettleiing av nyutdanna lærarar som jobbar i Finnmark eller Troms). I samband med det skal vi skrive ulike tekstar om korleis det er å vere Ny i nord.

Og difor er det at eg er «student for ein dag,» som det står i overskrifta. Eg har gjort klart eit Word-dokument med linjeavstand 1,5 og rigga meg til med Läkerol, Pepsi Max og ullteppe, slik eg ofte gjorde då eg var student. Dessverre er også konsentrasjonen slik den ofte var då eg var student – ikkje spesielt god.

Read Full Post »