Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 2010

Vi har bryllaupsdag i dag, og eg har laga ei svært romantisk gåve til H.: ein boks han kan ha tipspengane sine i, i staden for at dei ligg og sleng i ein skuff. (Hadde det vore opp til meg hadde eg brukt pengane, men dei er diverre ikkje ein del av fellesøkonomien.)

Boksen er pynta med gamle setlar frå ymse afrikanske land. (Takk til pappa!) Eg har lita erfaring med decoupage og ser i ettertid at eg kanskje burde jobba litt meir med å få glatta ut flatene. Jaja, learning by doing. Det er tanken som tel osb.

Før

Etter

Read Full Post »

Heime igjen

Vi har fått baby, vi! Ho liknar ikkje på søstera si av utsjånad. H. syntest ho var veldig mørk i huda og hadde tendensar til afrofletter då ho vart fødd, så han lurte ei lita stund på om han var faren. Men no er tvilen vekke, for jenta byrjar å likne meir og meir på han. I dei tre døgna vi har hatt henne har ho sove seg gjennom dagen og vore vaken stort sett heile natta. Ei utfordring som vi røynde småbornsforeldre tar på strak arm, sjølvsagt. Og snart håpar eg at vi finn eit passande namn til henne.

Slik ser ho ut når ho ligg i vogga som faren, onkelen og tanta har brukt:

Read Full Post »

Pepsi og pysj

Baby Flatland lar framleis vente på seg, og eg tar livet med ro i heimen. H. har utstyrt meg med PepsiMax, etter at eg fortalte han at lettbrus kan føre til tidlege fødslar (eg las om det i samband med premature fødslar, og den grensa er vi for lengst over, men eg kan godt drikke litt brus, eg…). I tillegg til å drikke brus har eg strifsla* litt og fiksa eine pysjen til A. Foten var for liten og ho hadde slite hol på tåa, men elles er pysjen perfekt. Resultatet blei at eg klipte av foten og sydde på brot frå ei av mine urgamle ulltrøyer. Og i same slengen sydde eg nokre lavendelposar som skal liggje i lag med ullkleda, slik at ikkje møllen tar dei. Ganske nøgd med eigen innsats, sjølv om pysjeigaren likte pysjen betre før.

* strifsling er noko svigerfamilien min held på med i førjulstida (ein kan gjere det før bursdagar også), og det er rett og slett å lage julegåver (eller bursdagsgåver).

Read Full Post »

Hm…

I ryddinga dei siste dagane har eg funne mykje interessant, mellom anna:

– ei datert liste over brevvekslinga mi i 1991
– ein brukt Air France-våtserviett frå då H. var på Korsika i totusenogeittelleranna
– ein Air France-spypose (ubrukt, heldigvis) frå same tur
– ein Air France-sikkerheitsbrosjyre av den typen som skal liggje i stollomma framfor deg («eg hadde tenkt å lage album…»)
– frimerkesamlinga mi
– frimerkesamlinga til søstra mi
– talen H. held til meg i bryllaupet vårt
– nøkkelringsamlinga til H. (kan kjøpast på Fretex)
– brukarrettleiinga til det proffe stereoanlegget eg kjøpte etter konfirmasjonen i 1993

Men turskiskoa mine, som eg så gjerne skulle hatt tak i, har eg ikkje funne.

Read Full Post »

Eg har hatt permisjon i litt over ei veke, og i dag er det første dagen eg er åleine heime. Elles har A. og/ eller H. halde meg med selskap, men i dag er dei opptekne med barnehage og jobb. (H. skal servere lønsj til 1050 stk, og dei ringde frå jobben hans i går og lurte på om det var greitt at fødselen starta etter at lønsjserveringa var ferdig.)

Den første permisjonsveka har i hovudsak gått med til ordning och reda i heimen. Vi kan no melde om at alle flyttekasser er tømt (det tok oss berre litt meir enn eitt år…). Alle bøker har kome i bokhyller, papirbossdunken er overfylt, Fretex får diverse godsaker, og det blir koslegare omgjevnader for overnattingsgjestar. Alt i alt veldig nøgd med innsatsen. I tillegg dukka det opp eit nytt deksel til mobilen min, så no funkar tastane 7 og 8 (i alle fall litt betre enn før).

På sundag var Voss den varmaste plassen i landet, og då høver det godt å poste eit sommarbilete av min spreke nevø og hans minst like spreke oldefar:

Read Full Post »

Godnattsongar

For tida er det «Jeg vil ha en blå ballong» som gjeld som godnattsong. (I tillegg til «Kjære Gud, eg har det godt,» sjølvsagt.)

Read Full Post »

Permisjon

Sol og ripsplukking. Kafé med mannen i mitt liv. Sol og god klestørk. Ordning och reda i heimen. Baby Flatland kan godt vente ei veke eller to med å kome ut.

Read Full Post »