Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 2007

Håja – hå, hå!

I fjorden utanfor byen her ligg det ei øy med svært karakteristisk utsjånad. (Det finst heilt sikkert bilete av ho på Internett, dersom nokon skulle vere interessert.) Ho er eit landemerke for Hfest, og det vert sagt at hammerfestingane seier at dei kan bli flytta kor som helst, så lenge dei ser Håja. Øya er også kjend for sine gode og eksklusive moltemyrer. Men øya er slik at det ikkje går an å fortøye ein båt der, så viss ein skal dit er ein avhengig av å bli frakta ut og henta ei stund seinare. I tillegg er det ein føresetnad at det ikkje blæs for mykje, så det er med andre ord ikkje kvar dag ein kan dra på tur dit…

I går gjorde eg og to venninner strandhogg på Håja, med mål om å plukke molter til moltekrem i jula. Vi er så heldige å ha kontakt med TorO, som både har fleksitid, tilgang til båt og gode bærspann i arbeidstida. Avtalen var at han skulle kome og hente oss etter tre timar, men det viste seg snart å vere altfor lite. Eg har aldri sett så mykje molter i heile mitt liv!!! Dei stod tett-i-tett, og det var meir enn vi klarte å plukke. I tillegg var det enorme mengder store, søte og saftige blåbær, og massevis av krekling. Det var hardt å måtte gå forbi fantastiske blåbærtuer og endå hardare å la store og modne molter stå att. Vi fekk altfor lita tid, sjølv om vi fekk TorO til å hente oss seinare enn den opprinnelege planen. Men alt i alt var vi svært nøgde med turen, og eg har sett personleg rekord når det gjeld molteplukking: 2 110 g (3 l)*! I tillegg fekk eg med meg 570 g blåbær, og det kan nemnast at det var så varmt og fint at vi kunne kaste ulltrøya og gå med bikinioverdel det meste av tida.

*Oppglødd og gira fortalte eg om dette storslagne resultatet til I.L. i går kveld. Ho er herfrå, og svarte med å fortelje at foreldra hennar hadde plukka 30 – 40 l molter i helga… Jaja. Eg er framleis strålande nøgd med min innsats, og har redda moltekremen til jul – og vel så det.

Read Full Post »

Få ting kan slå eit vindstille Hfest, bada i sol. Eg har fått kritikk av nabojenta (7) fordi eg har kledd på meg altfor mykje i dag (singlet og dongeribukse måtte vere i varmaste laget, meinte ho), og ho har heilt rett. Med lærarferie kan ein fylle slike dagar med kos. I dag har kosen bestått av a) gå til Rema og kjøpe klesklyper og b) hengje opp klede i sola med nye klesklyper. Ah – for ei sommarlukke!

Read Full Post »

Dagens sitat

«Are Kalvø vart ikkje fødd for ingenting.» (Henta frå siste utgåva av Utdanning)

Read Full Post »