Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2007

Vinterferie!

I alle fall for ein dag. I morgon skal eg jobbe heime (planlegge Kristiansandstur, mellom anna), men på fredag har eg fri! Jippi! Planane for ferien ser sånn ut:
– lage milkshake i ny blendar
– bytte ut minst 4 av låtane i middelsprogrammet mitt (F&S)
– vaske inni komfyren
– vaske inni kjøkkenskapet
– stelle og stulle i heimen
– lese bok
– gå på ski

Så får vi sjå kva eg rekk på den eine dagen eg har ferie…

Advertisements

Read Full Post »

Kven skapte Gud?

Som lærar får ein av og til høyre gullkorn frå barnemunn. I går skulle ein av dei små elevane mine formulere spørjesetningar med «hvor, hvem og hva,» og eg skulle svare på spørsmåla. Eg tenkte det kom til å bli enkle spørsmål av typen «hvor bor du.» Men der tok eg feil, gitt.

Det første spørsmålet var «Hvor kommer paprika fra?» Eg prøvde meg med Afrika og Mexico, men det var ikkje rett. Svaret skulle vere «frå paprikaplanten.» Det andre spørsmålet var det mest fascinerande (og overraskande), og det var noko han hadde lurt på lenge: «Hvem skapte Gud?» Eleven min skjønte at det var vanskeleg for meg å svare, men vi fekk ein fin liten filosofisk samtale, og konklusjonen hans vart at vi måtte spørje foreldra til Gud for å få svar.

På det tredje spørsmålet var det slutt på filosoferinga, og han lurte først på om han skulle spørje «Hva har du under stillongsen?» Her byrja han å fnise mykje, for svaret ville jo vere «trusa.» Han syntest at det var eit litt uanstendig spørsmål, og sidan ordet stillongs var vanskeleg å stave, vart spørsmålet i staden: «Hva skal vi gjøre i svømminga i dag?»

Slike samtalar gjer livet lysare.

Read Full Post »

Utbrot

Som lesarane kanskje har skjønt, opplever eg stadig vekk nye og dramatiske ting her nord. Etter alt det som har skjedd i det siste trudde eg ei stund at toppen var nådd. Men den gong ei. I går då eg skulle på butikken klarte eg ikkje å få opp ytterdøra vår. Vinden hadde lagt ein haug med hardpakka snø rett utanfor ho, og det var umogeleg å kome ut den vegen. Eg måtte ut vindaugsvegen. For forbipasserande må det ha sett litt snodig ut, med eit kvinnfolk som klatra ut av vindauget, iført skiklede, vindvottar og med ein spade i handa…

Read Full Post »

…vart det ikkje i dag heller. Sterk vind og snøfokk gjer sitt til at vegane er stengd og ferja står stille. I staden for eit hyggeleg møte med Mma Ramotswe på ferjeturen, fekk eg meg ein spanande busstur på morgonkvisten. Det hadde samla seg mykje snø i vegen, og det «fusja» opp på frontruta innimellom, slik at alt vart heilt kvitt. Eg er veldig glad for at eg var passasjer og ikkje sjåfør i dag.

Medan eg stod og venta på bussen kom det ei dame forbi som gjekk baklengs til jobb. Eg smilte litt for meg sjølv der eg stod, og smilet vart endå større då det ikkje lenge etter passerte ein mann – også han gåande baklengs.

Kva er ein stengd E18 mot dette??

Read Full Post »

Det var som David mot Goliat då skulen min stilte opp i musefellebilkonkurranse på ein større skule her i byen. Vår delegasjon (tre på musefellebillaget og fem i heiagjengen, inkludert ein lærar og ein føresett) vart puslete i forhold til dei 50 elevane som heia på det andre laget. Lærarane på den store skulen såg at dette vart noko urettferdig, og kalla difor inn omtrent 100 elevar frå småtrinnet til å heie på oss. Dei er lettlurde, desse små elevane, som klappa og sang av full hals til ære for oss. (Ein av dei spurde rett nok om kvifor dei heia på D. skole når dei var elevar ved F. skole. Han fekk aldri svar.) Heiagjeng eller ikkje – bilen vår var suveren i konkurransen, og no blir laget send vidare til landsfinalen i Kristiansand i mai.

Read Full Post »

– kveldstur til butikken med flammande nordlys og stjerner på himmelen
– bollar og kakao innandørs med kjærasten
– vinne 30 kr på KryssordFlax
– knitresnø og sol som stikk i augo
– svært underhaldande skuleteater (Rosa elefanter)

Read Full Post »

Eg opplever stadig noko nytt. I dag har følgjande skjedd:
a) Bussjåføren på bybussen lot meg køyre gratis, fordi han var usikker på om vi kom til å kome fram til fergeleiet på grunn av all snøen*.
b) Faren til to av elevane mine lurte på om eg skulle vere på øya heile helga på grunn av det dårlege veret som er meld.
c) Faren til ein annan av elevane mine køyrde seg fast i eit ras
d) Medan bussjåføren på skulebussen gjekk ut for å hjelpe han i c) laus, gjekk det eit nytt ras – rett på bussen. Snøspruten sto oppetter vindauga og hjartet banka fort i brystet.
e) Gummien på vindusviskaren løsna av raset, noko som førte til ein svært skjerande lyd
f) Brøytebilen kom og det vart kolonnekøyrinig til skulen
g) Han som køyrde brøytebilen sa til fung. rektor at bussen måtte køyre ungane tilbake igjen med ein gong, for vegen var svært rasfarleg og kom til å bli stengd.
h) Skulebussen satte seg fast på skuleplassen og alle elevane måtte hjelpe til å skubbe den laus.
i) Eg tok halv ti-ferja heim og drog rett til byen for å gjere unna nokre ærend
j) Eg hadde visst ikkje med meg bankkortet mitt, og måtte låne kortet til mi gode venninne A. i staden (Tusen takk!)
k) Vel heime i Rypefjord vassa eg i snø til låra for å kome opp til huset, og eg brukte dei påfølgjande 40 minutta til måking (noko som sikkert vil vere nokså bortkasta, i og med at vinden vil blåse igjen den fine gangvegen eg har laga…).

No er det helg! Og med det veret som er meld, trur eg at eg skal halde meg innandørs og ete smågodt (berre 6,90/hg på Mega!!) det meste av tida…

*viss du les resten av det som har skjedd, vil du forstå at eg kom meg til fergeleiet og over med ferga.

Read Full Post »

Older Posts »