Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Den kulturelle skolesekken’ Category

Eg er svært nøgd med dagen så langt, og her kjem ei kort oppsummering av hendingar og gåver.
I går: Kakefest med 10 gjestar og Gruble. I dag: Bytur, kaffi på Hurtigruta, barnekor-opptreden på det nye kjøpesenteret, sol, mange tekstmeldingar og telefonar. Gåver (i tilfeldig rekkefølge): blomar, flax-lodd (til og med eit flax-lodd frå mobiloperatøren min), kule klede, smykke, mange kjekke filmar, pengar, fleecegensar, CDar. Heilt topp dag så langt, med andre ord! I kveld blir det tre rettars middag og konsert med William Hut.

Advertisements

Read Full Post »

Det var som David mot Goliat då skulen min stilte opp i musefellebilkonkurranse på ein større skule her i byen. Vår delegasjon (tre på musefellebillaget og fem i heiagjengen, inkludert ein lærar og ein føresett) vart puslete i forhold til dei 50 elevane som heia på det andre laget. Lærarane på den store skulen såg at dette vart noko urettferdig, og kalla difor inn omtrent 100 elevar frå småtrinnet til å heie på oss. Dei er lettlurde, desse små elevane, som klappa og sang av full hals til ære for oss. (Ein av dei spurde rett nok om kvifor dei heia på D. skole når dei var elevar ved F. skole. Han fekk aldri svar.) Heiagjeng eller ikkje – bilen vår var suveren i konkurransen, og no blir laget send vidare til landsfinalen i Kristiansand i mai.

Read Full Post »

– kveldstur til butikken med flammande nordlys og stjerner på himmelen
– bollar og kakao innandørs med kjærasten
– vinne 30 kr på KryssordFlax
– knitresnø og sol som stikk i augo
– svært underhaldande skuleteater (Rosa elefanter)

Read Full Post »

Også i dag trossa vi ver og vind. I dag gjekk turen til kyrkja, der det var ordinasjonsgudsteneste. Det er den andre ordinasjonsgudstenesta eg har vore med på, og begge har vore i kyrkja her i byen. Forrige gong var i april, med fullsett kyrkje og sol. I dag var det god plass i benkeradene og fokksnø og ulande vind rundt huset. Under kyrkjekaffien etterpå fekk vi mellom anna helse på politimesteren og biskopen*. Stemninga var god, kakene mange og talane lange. Full valuta for pengane, med andre ord.

(*Eg traff også ei som eg har brukt å møte i svømmehallane på onsdagane. No har eg ikkje fått svømt noko etter jul, så ho lurte på kor eg var blitt av. Eg kunne forsikre henne om at eg skal stille opp førstkomande onsdag.)

Read Full Post »

I går var det kinoens dag, og det var fri flyt av godteri, brus, bollar og kakao, kake og kaffi på kinoen. H. og eg fekk med oss «Cars» og ein film-quiz*. Premien var ein mp3-spelar, og det var eg som hadde flest rette. Eg vann, eg vann!! Eg må seie at vinnarlukka har vore god sidan eg flytta til Finnmark, for så langt har eg vunne 1) Gåvekort på CD (etter å ha tippa kor mange twist det var i eit glas på ei yrkesmesse for ungdomsskuleelevar), 2) Eit utruleg stygt belte (på startnummer i Jentespranget) og no altså 3) Ein mp3-spelar.

*Spørsmåla var henta frå barnefilmar, og eg måtte oppgi alderen min. Eg skreiv 27. H. meinte at det kanskje var litt urettferdig at ein vaksen vann barne-quizen, men det bryr eg meg ikkje så mykje om. Det viktigaste er at eg vann, eg vann!

Read Full Post »

Snøen lavar ned ute. Det byrjar å bli ordentleg fine vinterforhold, med 2-3 minusgrader og fin, laus snø. Til helga blir det truleg skitur til Montenegro-hytta, men før den tid skal eg ha ein forsmak på sommaren. Det har seg nemleg slik at eg har meld meg på salsa- og merenguekurs. Den første kurskvelden var i dag, og ein svært velkledd cubanar med blankpussa sko og rosa skjorte lærde oss «å markere» og å ta «una vuelta.» (Vi lærte ein ting til, men den hugsar ikkje namnet på.) Jau, det var verkeleg eit solgløtt i vintermørket. Eg gler meg til i morgon.

Read Full Post »

Bilbaluba

I dag har vi verkeleg fått erfare nokre av bakdelane med å vere bileigarar. For det første er det 15. mars i dag, og 2865 kr har gått ut av kontoen min slik at eg kan få eit klistremerke til bilen. (Eg har forresten tatt blodprøve hos Solveig på sjukehuset i dag, og der fekk eg klistremerke gratis. Kanskje eg kan bruke dei på bilen?!) For det andre har verkstaden som skulle fikse det vesle fjuske-problemet bilen vår har hatt, funne ut at vi truleg må skifte heile «motorstyreenheten». Ikkje det at eg veit kva det er for noko, men det høyrest unekteleg ikkje billeg ut. Sidan eg av og til er avhengig av bil til jobb, spurde eg om å få låne ein bil på verkstaden. Det var ikkje så lett, men til slutt fekk vi ein avtale om å hente nøklane til ein Mercedes A-klasse på Esso-stasjonen. Vi kjempa oss gjennom kuling og sludd, men var det nøkkel på Esso? Nei. Etter endå meir kuling og sludd fekk vi likevel nøklane og no står det ein ny liten Mercedes utanfor huset vårt. Håpar eg slepp å køyre den i mørkret, for eg fann ikkje ut korleis ein får på langlysa… No steikjer H. pannekaker og kl 21 er det volleyball. Kanskje ikkje kvelden blir så verst likevel.

Read Full Post »

Older Posts »