Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2010

Frå barnemunn 3

A. (medan ho og eg åt middag og H. var på jobb): Pappa og eg har ete chips i dag!

Og vi som liksom berre skal ete den slags på laurdagar…

Read Full Post »

17. mai

Ei kjapp oppsummering av nasjonaldagen:

– A. og eg har gått i barnetog og ropt «hurra, hurra, hurra.»
– A. har ete følgjande: To skillingsbollar, ein pinneis, ein og ein halv muffins, ca 10 rosiner, fem Nonstop, nokre seigmenn og peanøtter, ein bit agurk og litt chips. Ho har vore «høgt, høgt oppe,» men heldigvis unngått å vere «langt, langt nede.»
– A. sin bunad måtte snørast att med ei skolisse rett før vi skulle gå ut.
– Mykje regn, lite korpsmusikk.
– Eg har ete rømmegraut og is i lag med 6 ungar og 6 vaksne = eit ganske høgt støynivå…

Read Full Post »

A. har vore på tur med sekk på ryggen for første, og definitivt ikkje siste, gong. Det var stor stas å bere tinga sine sjølv. Takk til A, G og K for godt turfølgje.


Read Full Post »

Frå barnemunn 2

A. (ser på kjøkengolvet): Pappa må støvsuge snart.

Read Full Post »