Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2005

Advent

I går var det første sundag i advent og Hammerfest barnegospel deltok på lysmesse (gudsteneste – ikkje konsert!) i kyrkja. Ungane mine, som eg brukar å kalle dei, hadde fått nye barnegospel-T-skjorter med sjølvlysande skrift. Vi skulle gå inn i prosesjon med små elektriske lys frå Europris i hendene, og det gjekk ganske bra. Synginga var det verre med. Til trass for at eg har vore på dirigentkurs i Oslo, klarte eg ikkje å slå dei inn, dvs å få dei til synge frå starten av. I staden for at dei sang «Tenn et lyyyyys» vart det berre «…lyyyyys…» Jaja. Dette skal eg øve meir på, så når vi skal synge på julekonsert 11. desember, satsar eg på at det skal gå betre.

I dag har vi tent adventslys på skulen og øvd på Romeo og Julie. Kristian har funne ut at det berre er 21 dagar til juleavslutninga…

Read Full Post »

I dag har eg vore på date. Først var vi på Peppes og delte pizza og brus. Etterpå var vi på kino og såg det eg trudde skulle vere «Harry Potter og ildberget.» Eit stykke uti filmen skjønte eg at eg i lange tider har levd på ei løgn. Eg hadde sett for meg at det skulle handle om ein vulkan eller ei anna form for eit ildberg, men så viser det seg altså at det er eit ildbeger det er snakk om. Og det er noko heilt anna, berre så det er sagt. Han som eg var på date med har eg forresten vore i lag med i ti år, utan at det var noko mindre romantisk av den grunn.

Read Full Post »

Sundagstur i Fjordadalen

Om ikkje lenge blir det visstnok mørkt heile døgnet her, så difor måtte vi nytte høvet i dag til å gå ein sundagstur i Fjordadalen. Ca 50% av oss var samde om at det var ein fin tur.

Read Full Post »

Som lærar er det jammen ikkje lett å halde kviledagen heilag. I dag har eg brukt ganske mange timar på å få ferdig individuelle planar i norsk, matte og engelsk. Eg har også brukt litt tid på å leite etter julesongar til juleavslutninga, men det var vel meir eit påskot for å ta ein pause frå planlegginga enn ei prekær arbeidsoppgåve. Uansett trur eg at eg har bestemt meg for å føreslå at vi skal syngje «Tre kongar frå Bolivia,» gjerne akkompagnert av panfløytespeling. Eg kan ikkje seie anna enn at eg gler meg til jul.

Read Full Post »

Gourmetklubb

Mannen min har stifta ein gourmetklubb her i Hammerfest, i lag med nokre andre karar. Ingen jenter har tilgang til klubben, men i dag gjorde dei eit unntak. Anette og eg vart invitert på kylling, hare, norzolaost (blæh) og sjokolademoltemousse, og vi fekk ete dette i lag med mennene våre. Ein veldig fin kveld, til trass for at eg kom 45 min for seint til nattope i butikkane.

PS: Mørketidsfestivalen er i gang!

Read Full Post »

Dramatikk

Det nærmar seg juleavslutning, og på skulen min skal vi ikkje ha englar som dalar i skjul eller barn i ei krubbe, heller ingen okse eller asen som står nokon plass. Vi skal derimot setje opp Romeo og Julie. I morgon skal vi ha første øving, noko som inneber at eg skal vere på skulen i over 12 timar. Får håpe vi klarar å bruke dagen godt…

Read Full Post »

Barnekorkurs

I helga var eg i hovudstaden ein snartur. Hammerfest menighet sponsa reisa, og eg fekk vere med på barnekorkurs. No har eg lærd ulike taktfigurar (2/2, 3/4, 4/4) og kan m.a. dirigere «To er nok» når elevane mine spelar blokkfløyte. Eg har også lærd mange morosame songar som eg underheld Håvard med, samt nokre artige oppvarmingsøvingar. Av dei andre deltakarane på kurset kan eg nemne June Music frå Bergen, ei gruvearbeidarske frå Polargospel i Longyearbyen og oslojenta Benedicte som var gift med ein kokk som no jobba som konditor.

I løpet av helga rakk eg også å gå innom H&M og Body Shop. Puh.

Read Full Post »

Older Posts »