Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2008

Styrkeprøve

Ja, no har vi prøvd korleis det er å vere småbarnsfamilie med spysykja. Det heile starta på måndag, attpåtil med K.S. på besøk frå Tromsø. Eg har ikkje hatt omgangssykja sidan OL på Lillehammer, og eg synest det var litt uflaks (og trist) at eg skulle få det akkurat når K.S. var på besøk. Men ho takla det greitt, og fungerte svært godt som barnevakt. I går var det H. sin tur å bli sjuk, og eg tør nesten påstå at det er verre å ha ein sjuk mann enn å vere sjuk sjølv. Meir vil eg ikkje seie om den saka, men konklusjonen må vere at vi byrjar å meistre kvardagen som småbarnsfamilie når vi taklar ein omgang med spysykja.

Read Full Post »

… køyrer bil (evt. skuter eller ATV dersom føret tillet det) til butikken, uansett kor langt eller kort det er. Eg er ein ekte finnmarking, for i dag tok eg bilen dei 500 metrane til Statoil for å kjøpe syltetøy til vaflane. Men – når eg tenkjer meg om – ekte finnmarkingar lar bilen stå på tomgang utanfor butikken, uansett kor lenge eller kort ein skal vere i butikken. Så då er eg visst ikkje ein ekte finnmarking likevel, for eg tok med meg bilnøkkelen inn på Statoil-stasjonen. Men eg kan jo få late som eg har fått finnmarks-kulturen inn i blodet, i alle fall den siste månaden vi skal bu her…

Read Full Post »