Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2006

Halloween

Det knirkar i snøen utanfor stoveglaset, og ein augneblink etterpå ringer det på døra. Eg opnar, og ser små monster, hekser og spøkelse. «Knask eller knep,» seier dei. Eg svarar at huset er tomt for godteri. Monstra, heksene og spøkelsa svarar «æsj» eller «å nei,» og så går dei sin veg.

Halloween har kome til Rypefjord.

Read Full Post »

Livsteikn

Det går visst ei stund mellom kvar gong eg oppdaterar bloggen, så her kjem ei liste over kva som har skjedd i livet mitt i det siste:

– spanskkurs i Alta (tre dagar på hotell)
– 187 medlemer i F&S (ny noregsrekord)
– besøk frå Oslo (ein artig tannlege)
– haustferie i Gøteborg (shopping, søster, jympa, stas)

Konklusjon: Det er fine og travle dagar.

Read Full Post »