Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2006

Revestrekar

Pappa seier i ein kommentar at han gjerne vil sjå fleire bilete av reveungane. Men etter eit heller ublidt møte med revemor i går, trur eg at eg skal la reveungane vere i fred for ei stund. Følgjande hende i går kveld:
1) Eg gjekk bort til hushjørnet for å sjå om reveungane var bak huset.
2) Det var dei.
3) Men det var også revemora.
4) Eg skunda meg tilbake til huset mitt.
5) Omlag 10 minutt etter høyrde eg bjeffing ute.
6) Eg kikka ut vindauget mitt, og der sat revemora og stirra olmt på meg og bjeffa. Ho såg verkeleg sint ut, la øyrene bakover og viste tenner.
7) Eg uroa meg for Håvard, som snart skulle kome heim frå jobb og var nøydd til å gå forbi reven.
8) Revemora sto der i ca 20 minutt, bjeffa og stirra olmt.
9) Ho tok seg også ein runde bak huset, opp på ein liten topp der ho kunne sjå inn i dei andre vindauga våre, og ho sat der og bjeffa.
10) Det heile var ganske nifst, men heldigvis hadde ho gått då Håvard kom heim.

Så altså. Det kan bli ei stund til det kjem fleire bilete av reveungane…

Advertisements

Read Full Post »

Reveungar

No har eg sett noko eg aldri har sett før – reveungar. Og det rett ved huset vårt! Bileta er ikkje dei beste, klokka var halv elleve på kvelden og reveungane ville ikkje stå i ro…

Read Full Post »

I går: Nydeleg fisketur med berre jenter. Fekk fire fine fiskar (to av dei fekk vi rett nok av eit par finnmarkingar som ikkje ville ha dei) som vi skal lage fiskekaker av.


Her nyt Karianne kakao og sol.


Cathrine stod for mat på turen. Tang til forrett, fiskehovud til hovudrett (naturlegvis).

I dag: Førstehjelpskurs med Norsk Luftambulanse for alle 10. klassane i kommunen. Eg vart tatt for å vere elev opp til fleire gonger. Er det eit kompliment eller ei fornærming?

Read Full Post »

Back in business

Etter ei veke på farten er eg no tilbake i nord. Det har vore innhaldsrike dagar, med spanskkurs, bryllaup, storbyferie (Bergen) og læringsstrategikurs. No er det godt å vere heime, og eg gjer meg klar for innspurten før sommarferien. Berre to veker att!

Read Full Post »