Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2008

Barnevakt-trening del 2

Det var nok ikkje berre Internettet som fascinerte barnet…

Read Full Post »

Barnevakt-trening

Tante S. passa barnet medan eg var i utdrikningslag på laurdag. Fredagen var ho innom for litt tørrtrening. Ho fann fort ut at barnet lett lar seg underhalde av datamaskina.

Read Full Post »

I avisa i dag er det reklame for treningsapparat. Reklamen lovar mellom anna at ein med eit bestemt apparat kan «erstatte 1 time studiotrening med 15 minutters hjemmetrening – uten anstrengelse og svette.» Fascinerande, spør du meg. Spesielt fascinerande er det at det i reklamen står: «Tren som Madonna og mange andre kjente idrettsutøvere.» Når blei Madonna idrettsutøvar?

Read Full Post »

Read Full Post »

Multipose 2

Eg klarte ikkje leve med å ha sydd multiposen heilt feil, så eg tok faktisk opp alt eg hadde sydd og sydde på nytt. Og så sende eg posen til A. i bursdagsgåve (og han skal bruke den til å samle mobiltelefonar i gymtimane) og sydde ein ny pose til barnet.

TT: Ringane var veldig enkle å få på, forresten.

Read Full Post »

Dottera vår har fått ein CD frå banken. Den inneheld ein sang og to eventyr om Kongleriket. Sangen er svært populær hos barnet, og funkar mot til dømes skriking i bilen. På grunn av den positive effekten av CDen har eg høyrd den ganske mange gongar, og no kan eg nesten eventyret om den mystiske elggjengen som inntek Kongleriket utanåt. Det er ein skummel gjeng, dei går med caps og seggebukser og har ein ghettoblaser. Men eg hadde ikkje trudd at dei skulle gjere SÅ sterkt inntrykk at eg skulle ha mareritt om dei. Men det hadde eg, altså. Skremmande propaganda frå banken, med andre ord…

Read Full Post »

Søte sundagsjenter i sofaen

Read Full Post »

Older Posts »