Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Kunst og handverk’ Category

Multipose 2

Eg klarte ikkje leve med å ha sydd multiposen heilt feil, så eg tok faktisk opp alt eg hadde sydd og sydde på nytt. Og så sende eg posen til A. i bursdagsgåve (og han skal bruke den til å samle mobiltelefonar i gymtimane) og sydde ein ny pose til barnet.

TT: Ringane var veldig enkle å få på, forresten.

Advertisements

Read Full Post »

Kreativ kvinne?

Etter å ha fått barn tar sjølv eit lite handarbeidsprosjekt fleirfaldige veker. Mitt siste prosjekt starta for nokre veker sidan då TT og eg var på hobbyshopping «10 min frå Bergen sentrum» (som viste seg å vere eit stykke lenger vekke…). Målet for prosjektet var å lage ein såkalla multipose som eg kan ha ting og tang i. I går fekk eg endeleg tatt fram symaskina, men noko sying vart det ikkje før i dag. Og då eg var nesten ferdig skjønte eg at eg hadde gjort ein STOR feil, som eg ikkje orka å rette opp (for då måtte eg ta opp alt eg hadde sydd…).

Litt dårleg bilete i litt dårleg lys, men det går kanskje an å sjå at det er ein multipose – og kva eg gjorde feil…

Read Full Post »

Morsdag

Tida for å få barn på morsdagen er i ferd med å renne ut. I staden skal vi feire bursdagen til Silje, og det er ei god erstatning. Skiskyting på TV lar seg lett kombinere med litt handarbeid, og her er eit bilete av det som vart produsert i går:

Read Full Post »

Liten varmekatt

Her er resultatet av noko av det symaskina har vore brukt til dei siste dagane.

Det er altså ein liten varmekatt, sydd av fleeceteppet vårt (noko H. ikkje vart så veldig begeistra for…). Den blå posen er fylt med nesten heile kveitekorn og kan varmast i steikeomn eller mikro. Så puttar ein den inn i katten og, vips, så har ein ein liten varmekatt til bruk på kjølege dagar.

Følg med: Blir det barn på samefolkets dag??

Read Full Post »

Så vart det ikkje januarbarn på oss. Då må vi setje oss nye mål, og no håpar eg at ungen kjem før morsdagen 10. februar. Eg har nemleg lyst på blomar og kake. Det kan jo hende eg får det uansett, men det hadde vore kjekt å kunne feire morsdag i 2008. H. håpar at det blir fødsel på Samefolkets dag. Uansett er det maks 14 dagar att til vi er foreldre. Spanande. No har eg hatt permisjon i tre veker, og det er på tide med ei lita oppsummering av det eg har gjort. Det har vorte ein del lydbok og strikking, sjå berre her:

Lydbøker eg har høyrd:
– Snømannen av Jo Nesbø (altfor skummel for meg, eg tenkjer framleis på den om natta…)
– Berlinerpoplene av Anne B. Ragde
– Eremittkrepsene av Anne B. Ragde
– Ligge i grønne enger av Anne B. Ragde (Til Å: Eg har faktisk «lese» alle tre bøkene. Er ikkje det utruleg?!)
– Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda
– Bare mjuke pakker under treet av Levi Henriksen (Eg høyrde ikkje alle forteljingane.)
– Skriften på veggen av Gunnar Staalesen

I tillegg har eg lese En ettermiddag om høsten av Mirjam Kristensen (Takk til Ane for ei fin julegåve!).

Strikkeprosjekt:
– bukse til babyen
– tjukkelubbar til H.
– tjukkelubbar str 2 – 4 år (?)
– frosk til A+A (hekla)
– babyteppe til Ø
– sett med lue, vottar og skjerf til babyen (Brukar babyar skjerf??)
– tøflar til babyen til A+T

Read Full Post »