Feeds:
Innlegg
Kommentarar

2,7 kg brokkoli…

… må eg ete kvar dag for å få dekka kalsiumbehovet mitt når eg ikkje drikk mjølk. Det har absolutt blitt mindre skriking utan kumjølk, så det spørs om eg ikkje må bite i det sure eplet og ta meg ein tur på apoteket for litt kosttilskot.

Advertisements

Kolikk og kumjølk

Vi har truleg ein baby med kolikk. Eg trudde det var vanleg at babyar skreik mykje, sidan den første babyen vår også var slik, men jentene på «Strikk og drikk» (eller «skrik og drikk,» som det også kan heite når I. er med) syntest kanskje det var litt i overkant mykje skriking. Og sidan dei har både ein og to ungar sjølve tenkte eg det var på tide å finne ut meir om kolikk. Etter å ha lese i «Spedbarnsboken» at «kolikkbarnet gråter mer enn tre timer hver dag i mer enn tre av ukens dager» og at barnet ikkje roar seg «når det får ekstra mat eller fysisk kontakt» trur eg vi kan seie at I. er eit slikt kolikkbarn. Ikkje det at ein slik «diagnose» betyr så mykje – kolikken går normalt over av seg sjølv når babyen er tre månadar. Så vi må uansett halde fram med byssing og bering i fem-seks veker til. «Du får god trim,» som ei av strikke-jentene sa til meg. Men i «Spedbarnsboken» stod det at i 20 % av tilfella ville kolikken bli betre dersom mor kutta kumjølk i kosthaldet sitt. Det er sjølvsagt verd å prøve, men det blir hardt for meg som truleg er ein av dei beste kundane til Tine (og Freia…).

Kolikkbarnet anno 2010, her i ei fredfull stund.

Tillegg til ønskelista

Eg ønskjer meg denne boka! Så fin! Og på nynorsk! (Det vart mange ropeteikn, men eg vart veldig begeistra då eg såg denne boka i bokhandelen.)

Ønskeliste

Julemarsipanen er på plass i butikkane, og då er det vel på tide å byrje juleførebuingane. Ønskeliste på bloggen har vore suksess tidlegare, så her kjem årets utgåve:

– bil med firhjulstrekk (det stod på ønskelista i fjor og…)
– hårfønar
– små sterke magnetar frå DesignTorget
– ein sånn treningsdings til iPoden min
– abonnement på bladet «rom 1-2-3»
– vaskemaskin (ei som brukar mindre enn 3,5 t på ein vask)
– gåvekort på denne frisørsalongen
– Ultracalming cleanser for face and eyes frå Dermalogica
denne gryta
– knekkebrødboks frå Kremmerhuset

Leit og finn…

… tre stk som søv:

– ein baby som søv med ujamne mellomrom heile døgnet
– ein pappa som byssa på baby-med-vondt-i-magen i natt og som byrja på jobb kl 0630 i dag
– ein toåring som er litt pjusk og har sett på Bamse-den-sterkaste-bjørnen-i-verda store delar av dagen

Fotografen nyttar dette sjeldne høvet til å sitje i sofaen og lese vekeblad og surfe på nettet. God helg!

PS: Beklager litt dårleg kvalitet på biletet, men det var vanskeleg å få modellane til å flytte seg nærare kvarandre.

Sundag deltok vi på ein turmarsj i bygda. Ikkje akkurat sol frå skyfri himmel, men vi kosa oss likevel.

«Pappa tissa i skogen!»

Arrangøren lokka med premie til yngste deltakar, og jammen vann ikkje I. både refleksvest og sparebøsse (fylt med 100 kr!) frå banken.

Perfect match!

Tobarnsmorlivet er hektisk, og det blir visst lite tid til blogging. Men eg passar i alle fall på at mor og dotter matchar i pysjevegen.