Trur du ikkje eg såg Thor Endresen i førre veke også? Først parkerte han bilen sin på festplassen, og då han kom ut av bilen snakka han i mobiltelefonen. Busy fyr, spør du meg. I alle fall svært tilgjengeleg.
Mobilselskapet mitt gir meg lov til å sende 25 gratis tekstmeldingar frå nettet kvar månad. Det står det klart og tydeleg på nettsida. Men då eg logga meg inn denne månaden var det brått 250 tilgjengelege meldingar. Eg anar ugler i mosen, men av erfaring med rause mobilselskap (les: mobilselskap utan heilt kontroll over fakturering) har eg valt å liggje lågt i terrenget. Kanskje dei ikkje merkar at noko er gale.
Posta på Uncategorized | 1 kommentar »
Det er slett ikkje naudsynt med så mange detaljar i dag heller. Eg viser til førre innlegg og kan informere om at mais held godt på farge, form og konsistens også som oppkast.
PS: Eg må innrømme at eg føretrekk å skifte bleier framfor å bruke halve natta på å bade ein beibi full av oppkast, skifte sengeklede og pysjar (merk: i fleirtal), også fulle oppkast. O søte småbarnstid.
Posta på Natur og miljø | 3 kommentarar »
Detaljar er kanskje ikkje naudsynt, så for å gjere det som kunne vore ei lang historie kort: Det var lett å sjå at A. hadde ete mais til middag i går då eg skifta bleie på ho i dag…
Posta på Natur og miljø | 2 kommentarar »
I går trur eg at eg såg, litt på skrå bakfrå, Robinson-Christopher (evt Christopher-Robin(son)).
Posta på Uncategorized | 1 kommentar »
Ikkje rart tante A. er litt redd og tar med seg sykkelsetet inn når ho er på besøk hos oss. I dag såg eg ein mann som vart lagt i handjern av to sivile politimenn*. Midt på lyse dagen. Rett i nabolaget mitt.
* For å vere ærleg, så såg eg kanskje ikkje akkurat det at dei tok på han handjerna… Og det heile var i grunnen veldig lite dramatisk. Dei kom eigentleg berre gåande roleg oppover bakken. Litt sånn som kompisar, liksom. Men eg såg handjerna, det gjorde eg.
Posta på Penalhuset | 3 kommentarar »
Bloggen min har vore ein tur i cyberspace, men er no henta inn i varmen att. Då han var på ferie dukka det opp uendeleg mange hendingar eg hadde lyst å blogge om. Her kjem ei svært kort oppsummering:
- inspirert av Hedda skulle vi bake peparkaker. Men det er ikkje alltid så lett å konsentrere seg om matlaging når ein har ein skrikarunge som berre vil hengje i skjørtet til mor, og peparkakedeigen vart difor noko fast i fisken. Smaken på kakene var grei nok, men utsjånaden… H. spurte diskret bror sin om ikkje han kunne bake nye peparkaker før vi kom heim på ferie.
- Posten er veldig nøye med å stemple frimerka i julestria. Irriterande…
- Eg har blitt ganske flink å lukeparkere! Første gongen eg klarte det heilt åleine gjekk eg jublande ut av bilen (dvs med hendene over hovudet).
Posta på Penalhuset | 1 kommentar »
Då vi budde i Finnmark prøvde vi etter beste evne å bli integrert i den nordnorske kulturen. (Det vil seie, vi held oss unna nokre ting, som til dømes heimebrent og å ha seg fremmed.) Det innebar mellom anna at vi byrja med tipping/ pengespel. Kvar helg kjøpte vi bokstav-flax for 30 kr og skrapte ivrig i veg. Denne tradisjonen synest eg at det er verd å halde på, sjølv om vi ikkje bur i Finnmark lenger. Så i går kjøpte eg eit nytt lodd, og ordet “TROMS” gav meg faktisk ein gevinst på heile 1000 kr. Heia Nord-Noreg!

Posta på Penalhuset | 3 kommentarar »
Eg var i si tid redd for at A. aldri skulle byrje å snu seg frå rygg til mage. No klarar ho det + ei mengd med andre ting svært godt, så no bekymrar eg meg ikkje så mykje lenger. Eg ser at det skjer ei utvikling, om enn litt seinare enn hos andre på hennar alder. (Men til gjengjeld har A. fleire tenner og meir hår enn dei vi kan samanlikne ho med. Og så er ho jo mykje søtare, så då gjer det ingenting at ho er litt treig av seg.)

Posta på Penalhuset | 4 kommentarar »