Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Arkiv for kategorien ‘Penalhuset’

Sommarskift

I dag har A. bytta klede 4 gonger. 1. Den første buksa vart våt av tiss. 2. På med kjole og strømpebukse. Like etter hadde ho tømt ein kopp med vatn utover strømpebuksa. 3. På med ny strømpebukse. Jordbær og is i parken med tante S. og onkel F. Is og jordbær på alle kleda [...]

Les heile innlegget »

Helga i tal

På tide med ei oppsummering av helga. Og etter å ha lese ei spanande bok, der matematikk spelte ei fiffig birolle, har eg funne ut at eg vil ha eit lite statistisk tilbakeblikk: Antal barn eg har hatt ansvar for: 1 Antal timar søvn: 6 + 6 + 2,5 (slett ikkje verst!) Antal sider lese [...]

Les heile innlegget »

Skummelt i storbyen

Ikkje rart tante A. er litt redd og tar med seg sykkelsetet inn når ho er på besøk hos oss. I dag såg eg ein mann som vart lagt i handjern av to sivile politimenn*. Midt på lyse dagen. Rett i nabolaget mitt. *  For å vere ærleg, så såg eg kanskje ikkje akkurat det [...]

Les heile innlegget »

Ny blogg

Bloggen min har vore ein tur i cyberspace, men er no henta inn i varmen att. Då han var på ferie dukka det opp uendeleg mange hendingar eg hadde lyst å blogge om. Her kjem ei svært kort oppsummering: – inspirert av Hedda skulle vi bake peparkaker. Men det er ikkje alltid så lett å [...]

Les heile innlegget »

Eg vann, eg vann!

Då vi budde i Finnmark prøvde vi etter beste evne å bli integrert i den nordnorske kulturen. (Det vil seie, vi held oss unna nokre ting, som til dømes heimebrent og å ha seg fremmed.) Det innebar mellom anna at vi byrja med tipping/ pengespel. Kvar helg kjøpte vi bokstav-flax for 30 kr og skrapte [...]

Les heile innlegget »

Utvikling

Eg var i si tid redd for at A. aldri skulle byrje å snu seg frå rygg til mage. No klarar ho det + ei mengd med andre ting svært godt, så no bekymrar eg meg ikkje så mykje lenger. Eg ser at det skjer ei utvikling, om enn litt seinare enn hos andre på [...]

Les heile innlegget »

Kosekrok

A. har blitt meir mobil, og her ein dag fann ho seg ein “kosekrok.” Det ser ikkje heilt komfortabelt ut å sitje slik, men ho var i alle fall nøgd. Ei stund.

Les heile innlegget »

Litt stolt

For ei veke eller to sidan var mamma på besøk. Ho potta om nesten alle plantene våre (tusen takk!). Inspirert av innsatsen hennar fann eg ut at eg skulle prøve å potte om ei lita plante sjølv. Så langt ser det ut til å ha gått veldig bra, og eg er veldig stolt over meg [...]

Les heile innlegget »

Eit slags veddemål

På grunn av planløysinga i leilegheita vår må stelle A. på kjøkenet. Og på grunn av tøybleieløysinga må vi kaste bæsjerispapir i do. Og fordi A. ikkje kan liggje åleine på stellebordet (les: vaskemaskina) medan eg kastar bæsjerispapiret i do, må eg leggje ho og stellematta på golvet i mellomtida. Eg brukar å vente med [...]

Les heile innlegget »

Harmoni

Eg har kanskje blitt vel urban, men likevel: Eg likar nylagt asfalt. Ikkje lukta og konsistensen, men utsjånaden. Alt blir liksom så ordentleg og … harmonisk. Særskild godt likar eg når det har vore grundig grave- og byggingsarbeid, og det er laga nye vegar, nye fortau, nye trikkeskiner, nye sykkelvegar og alt har vore kaotisk [...]

Les heile innlegget »

Eldre innlegg »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.