I dag har A. bytta klede 4 gonger.
1. Den første buksa vart våt av tiss.
2. På med kjole og strømpebukse. Like etter hadde ho tømt ein kopp med vatn utover strømpebuksa.
3. På med ny strømpebukse. Jordbær og is i parken med tante S. og onkel F. Is og jordbær på alle kleda (naturleg nok).
4. Shorts [...]
Arkiv for kategorien ‘Natur og miljø’
Sommarskift
Posted in Natur og miljø, Penalhuset on juni 24, 2009 | 2 kommentarar »
Kroppen og mais, del 2
Posted in Natur og miljø on januar 23, 2009 | 3 kommentarar »
Det er slett ikkje naudsynt med så mange detaljar i dag heller. Eg viser til førre innlegg og kan informere om at mais held godt på farge, form og konsistens også som oppkast.
PS: Eg må innrømme at eg føretrekk å skifte bleier framfor å bruke halve natta på å bade ein beibi full av oppkast, [...]
Kroppen/ majs gir konstig bajs
Posted in Natur og miljø on januar 21, 2009 | 2 kommentarar »
Detaljar er kanskje ikkje naudsynt, så for å gjere det som kunne vore ei lang historie kort: Det var lett å sjå at A. hadde ete mais til middag i går då eg skifta bleie på ho i dag…
“Vår”
Posted in Natur og miljø on april 24, 2008 | Legg att ein kommentar »
Det går rykter om at det andre stader i landet er sol og nesten sommar, ja, solbrillefint. Her nord kan vi melde om snø/ sludd, kuling frå nordvest, temperaturar rundt 0 grader og vegar/ fortau dekka av 5-10 cm slaps. Men vi kosar oss likevel. Følgjande aktivitetar kan nemnast på koselista:
- babysvømming (dersom ein ser [...]
Håja – hå, hå!
Posted in Natur og miljø on august 14, 2007 | 2 kommentarar »
I fjorden utanfor byen her ligg det ei øy med svært karakteristisk utsjånad. (Det finst heilt sikkert bilete av ho på Internett, dersom nokon skulle vere interessert.) Ho er eit landemerke for Hfest, og det vert sagt at hammerfestingane seier at dei kan bli flytta kor som helst, så lenge dei ser Håja. Øya [...]
Klesklyper og kos
Posted in Natur og miljø on august 8, 2007 | Legg att ein kommentar »
Få ting kan slå eit vindstille Hfest, bada i sol. Eg har fått kritikk av nabojenta (7) fordi eg har kledd på meg altfor mykje i dag (singlet og dongeribukse måtte vere i varmaste laget, meinte ho), og ho har heilt rett. Med lærarferie kan ein fylle slike dagar med kos. I dag har kosen [...]
Vårstemning
Posted in Natur og miljø on mars 27, 2007 | 1 kommentar »
Årets første joggetur på bar asfalt. Veldig digg å sleppe broddene! Vind i håret, regn i andletet, heftig musikk på øyret og ein mann som ventar heime med nybakt brød. Kan det bli betre?
Utbrot
Posted in Natur og miljø on februar 24, 2007 | Legg att ein kommentar »
Som lesarane kanskje har skjønt, opplever eg stadig vekk nye og dramatiske ting her nord. Etter alt det som har skjedd i det siste trudde eg ei stund at toppen var nådd. Men den gong ei. I går då eg skulle på butikken klarte eg ikkje å få opp ytterdøra vår. Vinden hadde lagt ein [...]
Ein vanleg dag på jobben…
Posted in Natur og miljø on februar 23, 2007 | Legg att ein kommentar »
…vart det ikkje i dag heller. Sterk vind og snøfokk gjer sitt til at vegane er stengd og ferja står stille. I staden for eit hyggeleg møte med Mma Ramotswe på ferjeturen, fekk eg meg ein spanande busstur på morgonkvisten. Det hadde samla seg mykje snø i vegen, og det “fusja” opp på frontruta innimellom, [...]
Gode opplevingar det siste døgnet
Posted in Den kulturelle skolesekken, Natur og miljø on februar 14, 2007 | 2 kommentarar »
- kveldstur til butikken med flammande nordlys og stjerner på himmelen
- bollar og kakao innandørs med kjærasten
- vinne 30 kr på KryssordFlax
- knitresnø og sol som stikk i augo
- svært underhaldande skuleteater (Rosa elefanter)