Det er visst lenge sidan det har vore aktivitet på bloggen. Det er ikkje fordi det har vore lite aktivitet med meg og mine, snarare tvert om. Etter lang bloggtørke, som det så fint heiter, er det på sin plass med eit framtidsretta blogginnlegg. Eg har nemleg funne noko lurt eg ønskjer meg til jul, og for at eg skal klare å hugse det når jula nærmar seg, fann eg ut at det var lurt å skrive det på bloggen. Eg ønskjer meg ei veske til å ha rundpinnane mine i.
I bloggtørketida har eg brukt ein del tid på å lese bloggar, og har oppdaga at det er ein eigen bloggsjargong. Så eg avsluttar innlegget slik mange andre “der ute” gjer:
Håpar du har ein fin pinsedag! Tudelu.
Smart gaveønske! Så smart at eg jammen skal ønske meg sånn til bursdagen:) Håpar du har hatt ein fin pinsedag også!