Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Arkiv for oktober, 2010

2,7 kg brokkoli…

… må eg ete kvar dag for å få dekka kalsiumbehovet mitt når eg ikkje drikk mjølk. Det har absolutt blitt mindre skriking utan kumjølk, så det spørs om eg ikkje må bite i det sure eplet og ta meg ein tur på apoteket for litt kosttilskot.

Les heile innlegget »

Kolikk og kumjølk

Vi har truleg ein baby med kolikk. Eg trudde det var vanleg at babyar skreik mykje, sidan den første babyen vår også var slik, men jentene på “Strikk og drikk” (eller “skrik og drikk,” som det også kan heite når I. er med) syntest kanskje det var litt i overkant mykje skriking. Og sidan dei [...]

Les heile innlegget »

Tillegg til ønskelista

Eg ønskjer meg denne boka! Så fin! Og på nynorsk! (Det vart mange ropeteikn, men eg vart veldig begeistra då eg såg denne boka i bokhandelen.)

Les heile innlegget »

Ønskeliste

Julemarsipanen er på plass i butikkane, og då er det vel på tide å byrje juleførebuingane. Ønskeliste på bloggen har vore suksess tidlegare, så her kjem årets utgåve: – bil med firhjulstrekk (det stod på ønskelista i fjor og…) – hårfønar – små sterke magnetar frå DesignTorget – ein sånn treningsdings til iPoden min – [...]

Les heile innlegget »

Leit og finn…

… tre stk som søv: – ein baby som søv med ujamne mellomrom heile døgnet – ein pappa som byssa på baby-med-vondt-i-magen i natt og som byrja på jobb kl 0630 i dag – ein toåring som er litt pjusk og har sett på Bamse-den-sterkaste-bjørnen-i-verda store delar av dagen Fotografen nyttar dette sjeldne høvet til [...]

Les heile innlegget »

Sundag deltok vi på ein turmarsj i bygda. Ikkje akkurat sol frå skyfri himmel, men vi kosa oss likevel. “Pappa tissa i skogen!” Arrangøren lokka med premie til yngste deltakar, og jammen vann ikkje I. både refleksvest og sparebøsse (fylt med 100 kr!) frå banken.

Les heile innlegget »

Perfect match!

Tobarnsmorlivet er hektisk, og det blir visst lite tid til blogging. Men eg passar i alle fall på at mor og dotter matchar i pysjevegen.

Les heile innlegget »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.