Eg må innrømme at eg har venta på det. Før eller seinare måtte det berre skje, og i dag var altså dagen. Men at det skulle bli to gonger på same dag, hadde eg ikkje rekna med.
A. veks i alder og visdom, og har funne ut at boksar og posar ofte har eit innhald (nei, ho får ikkje leike med plastposar over hovudet, for dei som trudde det). I dag sat eg i stova og ante fred og ingen fare, medan A. kosa seg med å utforske kjøkenskapa. Det gjer ho stadig vekk, og det har gått greitt – til no. Brått kjende eg lukta av kakaopulver spreie seg i huset. Her måtte det vere noko muffens (dessverre ikkje muffins, til trass for den sterke kakaolukta). Og ganske riktig. A. hadde fått tak i ein boks med eit veldig spanande innhald. Bileta talar for seg sjølv.


Litt seinare på dagen fekk ho tak i ein annan pose som har ligge trygt i skapet – til no. Det vart litt sånn bryllupsstemning ei lita stund, men det gjekk fort over. Eg måtte fram med støvsugaren nok ein gong. Kor skal dette ende?

Go Aili!
Ho tek etter far sin skjønar eg. Berre pass på vinen…
Dette må ein kalle bratt læringskurve og krev nok justering av kva som kan vere i skapet !