Feeds:
Innlegg
kommentarar

Arkiv for november, 2008

Eg vann, eg vann!

Då vi budde i Finnmark prøvde vi etter beste evne å bli integrert i den nordnorske kulturen. (Det vil seie, vi held oss unna nokre ting, som til dømes heimebrent og å ha seg fremmed.) Det innebar mellom anna at vi byrja med tipping/ pengespel. Kvar helg kjøpte vi bokstav-flax for 30 kr og skrapte [...]

Read Full Post »

Utvikling

Eg var i si tid redd for at A. aldri skulle byrje å snu seg frå rygg til mage. No klarar ho det + ei mengd med andre ting svært godt, så no bekymrar eg meg ikkje så mykje lenger. Eg ser at det skjer ei utvikling, om enn litt seinare enn hos andre på [...]

Read Full Post »

Kosekrok

A. har blitt meir mobil, og her ein dag fann ho seg ein “kosekrok.” Det ser ikkje heilt komfortabelt ut å sitje slik, men ho var i alle fall nøgd. Ei stund.

Read Full Post »

Litt stolt

For ei veke eller to sidan var mamma på besøk. Ho potta om nesten alle plantene våre (tusen takk!). Inspirert av innsatsen hennar fann eg ut at eg skulle prøve å potte om ei lita plante sjølv. Så langt ser det ut til å ha gått veldig bra, og eg er veldig stolt over meg [...]

Read Full Post »

Eit slags veddemål

På grunn av planløysinga i leilegheita vår må stelle A. på kjøkenet. Og på grunn av tøybleieløysinga må vi kaste bæsjerispapir i do. Og fordi A. ikkje kan liggje åleine på stellebordet (les: vaskemaskina) medan eg kastar bæsjerispapiret i do, må eg leggje ho og stellematta på golvet i mellomtida. Eg brukar å vente med [...]

Read Full Post »

Harmoni

Eg har kanskje blitt vel urban, men likevel: Eg likar nylagt asfalt. Ikkje lukta og konsistensen, men utsjånaden. Alt blir liksom så ordentleg og … harmonisk. Særskild godt likar eg når det har vore grundig grave- og byggingsarbeid, og det er laga nye vegar, nye fortau, nye trikkeskiner, nye sykkelvegar og alt har vore kaotisk [...]

Read Full Post »

Tigerstaden og Drammen

Familien har vore på tur. Først var vi i Tigerstaden hos tante O. og onkel LO. Der dukka også bestemor og tante Å. opp. Veldig kjekt. Så drog vi til Drammen, der vi var fadrar til tremenningen til A. Vi tok nokre fine bilete av eit sovande dåpsbarn, men eg kan nesten ikkje publisere bilete [...]

Read Full Post »

Då er mobilen tilbake på plass, slik eg trudde. Han låg i jakkelomma til mannen. Meldingar og innkomne anrop blir mottekne med takk.

Read Full Post »

Utan dekning

Har på mystisk vis mista mobilen min, så nett no er eg ikkje så lett å få kontakt med. Difor må eg utsetje alle telefonane eg hadde tenkt å ta i kveld. Den nye planen inneber strikking, sjokolade og film. Ikkje så verst, det heller. Takk til svigers for ei flott helg, forresten.
(Viss mobilen har [...]

Read Full Post »