Det er fredag, og tradisjonen tru ser vi på Norge Rundt (evt i mangel på andre kanalar/ anna selskap). Eg har lagt bebisen på ei turnmatte framfor TV-en, og det ser ut som om ho er svært begeistra for det tradisjonsrike programmet. Ein skal tidleg krøkast…
Arkiv for mars, 2008
Norge Rundt
Posted in Penalhuset on mars 28, 2008 | 1 kommentar »
Innetid
Posted in Penalhuset on mars 28, 2008 | 1 kommentar »
Eigentleg skulle eg på ein lengre trilletur med to andre mødre i dag, men med snødrev og stiv kuling melde eg pass. I staden har det vorte ein deilig fredag i uformelle klede, både for mor og barn. Bebisen har hatt ein svært roleg dag så langt. Etter frukost vart ho lagt i vogna, og [...]
Påskemåltid
Posted in Penalhuset on mars 20, 2008 | 1 kommentar »
H. er på jobb, og eg har åleineansvar for hus og heim og bebis. Det er Skjærtorsdag, og slik såg middagen min ut:
(Det er begrensa kva ein kan få til med ein bebis som helst ikkje vil liggje åleine. Forresten er det tredje dagen på rad med steikte grillpølser til middag…)
Uro = moro
Posted in Penalhuset on mars 20, 2008 | 1 kommentar »
Som pedagog er eg oppteken av at barnet mitt skal få dei rette stimulia, slik at ho utviklar seg sånn som ho skal. Eg har lest at det kan vere lurt å hengje opp ein uro over stellebordet, og at svart/ kvit og geometriske figurar er det beste for slike små. Så i dag har [...]
Mat på svartelista
Posted in Penalhuset on mars 18, 2008 | 2 kommentarar »
Eg har no testa ut fleire matvarer som Aili ikkje set like stor pris på som meg. Frå no av skal eg unngå marsipan (og no som det snart blir påskemarsipan til halv pris) og brokkoli.
Påskeferie
Posted in Penalhuset on mars 18, 2008 | Legg att ein kommentar »
Når ein har permisjon er det vanskeleg å skilje mellom kvardag og helg. Men eg har fått med meg at det er påske. Sidan det i år blir dårleg med skiturar og hytteliv, må ein prøve å lage påskestemning på andre måtar. Så langt har eg desse stemningsskapande aktivitetane:
- Sprade rundt i stillongs og ulltrøye [...]
Eg vann ein grøn gensar!
Posted in Penalhuset on mars 8, 2008 | Legg att ein kommentar »
På butikken i dag selde ein av elevane mine lodd til inntekt for fotball-laget sitt. Eg tenkte eg skulle støtte ei god sak og kjøpte lodd for 20 kr. Det var absolutt ikkje meininga å vinne, fordi a) vi var ute med vogna og det var ca 2,5 km å gå heim og b) vi [...]
Når prinsippa ryk
Posted in Penalhuset on mars 1, 2008 | 4 kommentarar »
I samband med fødselen og barnet som kom ut under den, har eg måtta la ein del prinsipp fare. Og eg har innsett at det har vore til det beste.
Når det gjaldt smertelindring under fødselen hadde eg bestemt meg for at eg ville sitje i badekar og evt prøve lystgass etter kvart. Akupunktur er eg [...]