Posted in Penalhuset on februar 25, 2008 | 2 kommentarar »
H. har dratt på volleyballtrening og eg er åleine med veslejenta for første gong. Så langt har det gått veldig bra – ho søv så søtt på sofaen. Eg ser på den lokale nyheitssendinga og Dagsrevyen og lurer på om ho kjenner att lydane frå då ho låg i magen min.
(Ammeputa har eg laga, teppet [...]
Read Full Post »
Posted in Penalhuset on februar 25, 2008 | 4 kommentarar »
Som mor/ mjølkemaskin er eg nøydd til å tenkje litt nøyare gjennom det eg et. Det er frykteleg mange råd om kva ein bør og ikkje bør ete, samstundes som det av den fremste ammeeksperten i Noreg blir sagt at “i dag fraråder vi i utgangspunktet ingen matsorter mens du ammer.” Kål, druer, lauk og [...]
Read Full Post »
Posted in Penalhuset on februar 20, 2008 | 1 kommentar »
Endeleg fekk vi med oss jenta vår heim. Det er veldig godt å vere heime, sjølv om dagane er annleis enn dei har vore før. Det er tydeleg at vi har fått ein ny sjef i huset, og eg har ikkje så mykje overskot til andre ting. Timane går svært fort, til trass for einsidige [...]
Read Full Post »
Posted in Penalhuset on februar 14, 2008 | 2 kommentarar »
I dag er vi på overtid. I andre samanhengar får ein ekstra betalt eller avspasering for overtid. Korleis er dette når det gjeld svangerskap?
Read Full Post »
Pappa lærte meg at ein må planlegge ein hyggeleg ting for kvar dag som ein går over termindagen. I går skulle det vere å sjå på skiskyting. Det vart ein skikkeleg nedtur då det viste seg at rennet var avlyst. Eg håpar på betre forhold i dag, og er klar for å sjå begge renna [...]
Read Full Post »
Posted in Penalhuset on februar 12, 2008 | 1 kommentar »
Barnet har enno ikkje kome ut, men no er det ikkje mange dagane att før nokon tar affære. Sidan det ikkje skjedde noko på verken Samefolkets dag eller morsdagen, har vi sett oss nye mål. No håpar eg at barnet kjem i morgon, for då kan det feire bursdag saman med Robbie Williams og Orlando [...]
Read Full Post »
Posted in Kunst og handverk on februar 10, 2008 | 3 kommentarar »
Tida for å få barn på morsdagen er i ferd med å renne ut. I staden skal vi feire bursdagen til Silje, og det er ei god erstatning. Skiskyting på TV lar seg lett kombinere med litt handarbeid, og her er eit bilete av det som vart produsert i går:
Read Full Post »
Posted in Penalhuset on februar 9, 2008 | 2 kommentarar »
Det er ein tjuefiretimars jobb å vere høggravid, har eg lest. H. meiner det er ein tjuefiretimars jobb å ha ei høggravid kone. Difor blir middagen i dag levert på døra…
Read Full Post »
Det er godt det er fredag og snart helg, slik at eg kan få henta meg inn att etter ei knallhard veke. Eg har sett litt på nett-tv denne veka, og har lyst å dele noko av det med dykk. Eg veit ikkje heilt korleis eg kan få ei lenke til akkurat den episoden eg [...]
Read Full Post »
Posted in Penalhuset on februar 7, 2008 | 1 kommentar »
Kl 1015: Frukost (heime med nybakt brød)
Kl 1145: Lunsj (på kafé med Anette)
Resten av dagen står open. Film? Strikking? Lesing?
Read Full Post »