I dag har vi vore på tur. Med kjeks, kakao og akebrett. Vi sat i solveggen og naut nista før vi testa akebakken. A. oppsummerer turen slik: “kjeks, akao, pappa tissa kogen (=skogen).” Ein vellukka tur, med andre ord. Dessverre blir det ingen bilete no, for vi har litt startvanskar med eit nytt kamera vi har kjøpt oss. I staden blir det eit bilete som vart tatt i går, på samefolkets dag. A. heiter jo trass alt det same som ein tidlegare sametingspresidenten.
Førre helg hadde vi storfint besøk frå to storbyar. Veldig kjekt, både for store og små! Vi tar gjerne imot besøk fleire gonger. A. har lært seg å “smile” til kamera. (Det er det same “smilet” som kjem fram når vi skal pusse tennene.) Ganske sjarmerande, eller hur?
S. og A. kosar seg på tante Å. sitt fang.
Harmonisk leik – av og til…
Smiiiil!
Posta på Uncategorized | 2 kommentarar »
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
… til å gjere noko som helst. -30 på Vangen i dag. I morgon må vi prøve oss ut for å fylle opp matlageret i huset. Blir spennande å sjå om bilen startar.
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
Posta på Uncategorized | 1 kommentar »
Jula er såvidt over, men allereie no må vi byrje å tenkje på den nært føreståande bursdagen til veslejenta. (15. februar, for dei som skulle vere i tvil.) Eg har forstått det sånn at det er hipt og kult og veldig praktisk å leggje ut ei ønskjeliste på bloggen, så då prøver eg også det. Så vil det vise seg om bloggen min framleis har lesarar, og om nokre av lesarane har lyst/ kjenner seg forplikta til å gi bursdagsgåve…
Ønskjeliste – ikkje nødvendigvis i prioritert rekkefølgje
- Ullfrottédress frå Nøstebarn (lilla m/ lyng str 104)
- Bøker om Pinne (ho har den som heiter Pinne, Grisen og vesle vennen)
- Mummi-kniv (trur ein må kjøpe heile settet, dei har det t.d. på Ting)
- DVD med Sauen Shaun (ho har allereie tre stk, men verkar umetteleg, og foreldra går litt lei dei same filmsnuttane…)
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
Nyttårsforsettet mitt er å oppdatere bloggen noko oftare enn ein gong i halvåret. Eg hadde tenkt å starte friskt allereie 1. januar, men sidan i fjor har eg vore heilt slått ut av forkjølelse, og har for det meste av dette året halde meg under teppe på sofaen, ute av stand til å gjere noko som helst. No håpar eg at det verste er over, slik at eg kan klare å halde nyttårsforsettet mitt. Følg med, følg med. Og godt nytt år, forresten.
Posta på Uncategorized | 2 kommentarar »
I dag har A. bytta klede 4 gonger.
1. Den første buksa vart våt av tiss.
2. På med kjole og strømpebukse. Like etter hadde ho tømt ein kopp med vatn utover strømpebuksa.
3. På med ny strømpebukse. Jordbær og is i parken med tante S. og onkel F. Is og jordbær på alle kleda (naturleg nok).
4. Shorts og t-skjorte. T-skjorta klarte seg faktisk ut dagen, men shortsen må på vask…
Godt det er god klestørk for tida.
Posta på Natur og miljø, Penalhuset | 2 kommentarar »
I dag har eg først vore på kafé med ein av Brann-spelarane som skåra mål i kampen mot Molde i går (trur eg i alle fall, verken Lene eller eg er spesielt gode på fotballspelarar). Deretter symde eg med han som vann OL-medalje i symjing for ikkje så lenge sidan. Han symde nok litt fortare enn meg, men han hadde symjebriller, og det hadde ikkje eg.
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
Vi har vore i utlandet, nærare bestemt i Sverige. På veg heim hadde A. og eg eit par dagar i Oslo, før vi skulle ta toget frå Oslo til Bergen. På grunn av utanlandsopphaldet hadde eg veldig vondt i ein fot, og difor bestemte eg meg for å ta taxi til togstasjonen på Lysaker. På GuleSider skulle det vere ca 8 km frå der vi overnatta. For å vere på den sikre sida bestilte eg likevel taxien 50 min før toget skulle gå. Det ville jo vere kjipt å bli sitjande fast i morgontrafikken og ikkje rekke toget.
For å gjere ei frykteleg lang historie kort: Vi hamna på Lillestrøm i staden for på Lysaker.
Vi rakk sjølvsagt ikkje toget, men fekk køyre taxi i 130 km/t til Gardermoen i staden. No har eg send klagebrev til taxi-selskapet og håpar at dei betalar flybilletten vår heim att.
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »





